En bygning med parkeringsplass

Moa

Ålesund behandlingssenter

Ålesund behandlingssenter er ein del av spesialisthelsetenesta, og vi er plassert sentralt på Moa ved Ålesund. Vi tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige og har poliklinikk, 44 døgnplassar inkludert 5 akuttplassar.

Kontakt

Sentralbordet

70 10 50 00
En husrekke

Slik finn du fram

Adresse

Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27

Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er for tida vegarbeid i området, det medfører alternativ tilkomst til behandlingsenteret. Sjå bilda under.

Et skjermbilde av et videospill
Kart
Bilde som viser kor du kan gå for å kome deg til Ålesund behandlingssenter.
Kart
Bilde som viser kor du kan køyre for å kome deg til Ålesund behandlingssenter. 

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Endre/avbestille time

Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe 70 17 13 62 mandag - fredag i tidsrommet 08.00 – 16.00. Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer.

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Besøkstider

Avdelingane i Helse Møre og Romsdal har ulike besøkstider. Tidene står på dei aktuelle avdelingssidene. Finn du ikkje besøkstida til ein spesifikk avdeling? Gi oss ei tilbakemelding i feltet "Fann du det du leita etter?" nedst på sida.
Finn avdeling her
To damer på besøk med pasient i daglegstova.