Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ei bygning med overbygd inngangsparti
Ålesund sjukehus

Kreftavdelinga

Kreftavdelinga er eit eige bygg nedanfor Ålesund sjukehus, på sørsida av sjukehuset.

Eit kvitt bygg med overbygd inngangsparti, flatt tak og glassfasade i 2. etasje. Det står fleire bilar utanfor.
Poliklinikken og stråleterapien har inngang i 1. etasje. Sengeposten er i 2. etasje, med eige innpangsparti. Følg skilting til sengeposten.
En person som står i et rom
Ekspedisjon i 1. etasje.

Slik finn du fram

Adresse

Åsehaugen 17

Åsehaugen 17, Google maps

Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

  1. Du kan følge gangvegen ned Åsehaugen, forbi Spar-butikken, gå ca 100 meter før du tar til høgre der du ser skilting til Kreftavdelinga. 
  2. Du kan gå via parkeringshuset, der du tar trappa/heisen ned til første etasje. Herifrå tar du til venstre og går rundt sjukehuset, forbi Barne- og ungdomsavdelinga før du kjem til Kreftavdelinga.

Det tar nokre minutt å gå frå busstoppet til avdelinga. 

Barneavdelinga og kreftavdelinga har noko parkering utanfor Barne- og ungdomsavdelinga. Her er det parkeringsautomat på staden. Du registrerer deg på automaten når du kjem, og kan avslutte parkeringa når du kjem tilbake dersom du ikkje har brukt all parkeringstida di. Du kan også betale med app (Parkly og EasyPark)

 

Du kan også parkere i parkeringshuset ved sjukehuset. Då tar det nokre minutt å gå rundt på utsida av sjukehuset til avdelinga.