Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
seks jenter som poserer for et bilde

Ungdomsrådet

Vi er eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal som er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i føretaket.

Vi skal vere med å forbe​​tre kvardagen, opplevinga og tilbodet til ungdom i Helse Møre og Romsdal
Ungdomsrådet

  1. ​Medlemmane er frå 13-26 år
  2. Fire helger med samling der to av dei er fysisk og to digital
  3. Vi har det veldig gøy i lag og speler spel på kveldane
  4. Godkjent fråver frå skule og jobb
  5. Vi får jobbe med saker vi synest er viktige
  6. Vi får løn for å delta på møte
  7. Vi er alle forskjellige, nokon lyttar mykje, medan andre snakkar mykje
  8. Alt blir tilpassa din situasjon​​​
 

Dersom du som bur i Møre og Romsdal har innspel som vi kan ta med i arbeidet for ungdommar på sjukehusa, ta kontakt!

ungdomsradet@helse-mr.no  

Følg oss på Instagram

Victoria Aklestad

Leiar for ungdomsrådet

Isabell Simis Kristiansen

Nestleiar i Ungdomsrådet

  • Det er oppretta eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal
  • Dette er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal
  • Medlemmane skal ha personleg erfaring med sjukehus og helsetenesta generelt
  • Medlemmane må vere villige til å dele erfaringar og må ha eit ønske om å bidra til forbetring av tenestene
  • Ungdomsrådet skal ha tett samarbeid med leiinga i føretaket
  • Referat frå ungdomsrådet sine møte vil ligge fast som referatsak på styremøta i Helse Møre og Romsdal og møta i brukarutvalet
  • Leiar eller representant frå ungdomsrådet deltek på brukarutvalet sine møte der det er naturleg på sak

  • Prosedyre om overgang frå barne- og ungdomsavdeling til vaksenavdeling (både for somatikk og psykisk helsevern)
  • Roll-ups for å nå ut i sjukehusa med informasjon om ungdomsrådet
  • Trivselstiltak for barn og unge i helsetenestene
  • Instagram

Ungdomsrådet er faste deltakarar i desse fora:

  • Barn som pårørande, styringsgruppe
  • Kvalitet i institusjonsbehandling i psykisk helsevern (KvIP)
  • Helseplattformen
  • FACT- ung prosjekt i Møre og Romsdal
  • Faglig samarbeidsutval for barn og unge
  • Barn og unges helseteneste

  • I prosjekt med fokus på barn/ungdom
  • Når de treng råd om korleis hjelpe/møte ungdommar
  • I arbeidet med handlingsplanar/EQS-prosedyrar og andre styrende dokument som inkluderer ungdommar
  • Vi kan korrigere vanskeleg språk/tilpasse til ungdommar
  • I utforming av areal

Spør oss dersom du er usikker på om det de held på med er relevant for oss! Det er betre enn at vi ikkje får moglegheit til å vere med.

seks jenter som poserer for et bilde
Bilde av medlemmane i Ungdomsrådet.

Victoria Aklestad

Isabell Simis Kristiansen

Tora Haberberger

Pia Johansen

Mayra Blank

Sarah Wulff Brunstad

Julie Ramstad (permisjon)

 

 

Eg vil bli med på å få til ei endring der det trengs, og sikre at ungdommar får ei god oppleving i helsetenestene.
Julie
Eg ønsker å vere ei stemme for ungdom, slik at dei får ein bedre kvardag på sjukehuset.
Victoria
Eg vil jobbe for at personar skal bli sett på som personar, ikkje eit problem eller ein diagnose.
Tora
Eg er med i ungdomsrådet for å få meir fokus på sjukdommar som er mindre forska på, og for at barn og unge skal ha det så bra som mulig i møte med helsevesenet.
Pia
Eg er med i ungdomsrådet fordi eg vil vere med å gjere ein forskjell,at ungdom si stemme blir tatt på alvor og helsevesenet blir bedre for barn og unge.
Mayra
 

 

Sist oppdatert 25.10.2025