Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Audiopedagogisk poliklinikk

Vi gir barn under skulealder i Møre og Romsdal, tilbod om utgreiing og oppfølging av høyrsel. Vi samarbeider tett med ØNH-legane og audiografane ved høyrselssentralen.

Poliklinikk

Vi utfører ulike høyreprøver etter alder og behov: leikeaudiometri og Visual Reinforsment Audiometry (VRA). er det behov for andre typar høyrselstestar kan høyrselssentralen utføre dette. 

Høyrselshabilitering

Har barnet ditt behov or høyreapparat, cochleaimplantat (CI) eller døv, gir vi tilbod om jamleg oppfølging og rettleiing i eit tverrfagleg team. Vi legg til rette for høyrsel og språklege aktivitetar i ei lita gruppe. Barnet får møte og leike med andre barn med nedsett høyrsel. Foreldre får rettleiing ut frå observasjonar, testing og kartlegging, slik at dei kan støtte barnet i den vidare utviklinga. Vi samarbeider også med
barnehage, PPT, kommunen og Statped. Barnet får oppfølging av ØNH‐lege, audiograf og det blir gjennomført høyrselstest på vekesopphald.

Høyrsel- og talespråkleg rettleiing

Dette er rettleiing til foreldre som har små barn med høyreapparat eller CI. Vi gir rettleiing med fokus på å utvikle høyrselsfunksjon og talespråk. Dette er ei individuel rettleiing til foreldre og andre nærpersonar rundt barnet.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Send oss ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd før avtalt time. Då kan andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje møter, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.

SIKKER DIALOG

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Audiopedagogisk seksjon ligg i eit eige bygg vest for hovudbygget ved Ålesund sjukehus (Åsehaugen 9).

For å kome til oss kan du følgje stien som går til venstre for hovudinngangen på sjukehuset (skilta). Du kan også køyre heilt fram til seksjonen. Køyr då forbi sjukehusapoteket og følg vegen forbi alderspsykiatrisk seksjon. Vi ligg i eit lågt bygg med ein leikeplass utanfor. Vi har eiga parkering for pasientar ved seksjonen.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

​Audiopedagogisk seksjon er open måndag-fredag kl 08.00-16.00.

Vi held stengt fire veker om sommaren. Sjå oversikt over feriestengde avdelingar i HMR

Få eit innblikk i kvardagen på audiopedagogen

Følg oss på Instagram
Logo, ikon