Heime når du kan - på sjukehus når du må

Tilbodet ved avansert heimesjukehus for barn og ungdom

Vi tilbyr sjukepleie, medisinsk behandling, rettleiing og oppfølging i barnet sin heim, i nært samarbeid med ansvarleg lege og andre fagpersonar.

Med avansert heimesjukehus kan vi tilby:

  • observasjon og vurdering
  • enkelte cytostatikakurar
  • ernæringsoppfølging (sonde, amming) og vektkontroll
  • blodprøvetaking
  • antibiotikabehandling
  • sårstell
  • smertelindring og lindrande pleie.

Avtalt besøkstidspunkt er alltid om lag ein halv time rundt avtalt tid. Dersom tidspunktet blir forskyvd meir enn dette, vil vi gi beskjed på SMS dagen før besøket.

Samarbeid og samhandling 

Tilsette ved avansert heimesjukehus samarbeider med barnet sin ansvarlege lege på sjukehuset. Vi samarbeider òg med dei ulike tenestene i kommunen. Dette sikrar kvalitet og kontinuitet, og bidreg til ein smidig overgang mellom sjukehus og kommunehelsetenesta. 

Slik kan du få tilbod om avansert heimesjukehus

Dersom du som forelder er interessert i heimesjukehus-tilbodet, ta gjerne kontakt med sjukepleiar eller lege når barnet får behandling på barne- og ungdomsavdelinga ved Ålesund sjukehus. I samarbeid med dykk vil vi vurdere om dette er ei aktuell løysing for dykkar barn. 

Sist oppdatert 30.10.2023