Gynekologisk poliklinikk Ålesund
Velkommen til gynekologisk poliklinikk i Ålesund! Ved poliklinikken får tilviste pasientar utgreiing, diagnostisering og behandling av gynekologiske tilstandar. Ultralydundersøking i svangerskapsveke 18-20 er eit tilbod til alle gravide etter tilvising frå fastlege eller jordmor. For gravide med risikotilstandar kan det vere aktuelt med oppfølging i svangerskapet ved poliklinikken. Kvinner som ynskjer sjølvbestemt abort kan ta kontakt med poliklinikken utan tilvising.
Kontakt
Telefon
- Måndag - Fredag 09:00 - 14:30
- Laurdag - Søndag STENGT
Videokonsultasjon
Behov for å endre timen din?
Slik finn du fram
Oppmøtestad
9. etasje, fløy HØ.
Vi har ikkje ekspedisjon på poliklinikken. Sett deg på venterommet i 9. etasje. Logg inn på HelsaMi og meld frå der at du har kome. Dersom du ikkje klarer å logge inn kan du vente til du blir ropt opp. Dersom det har gått meir enn 15 minutt frå du skulle ha timen din kan du ringe oss på 70105445.

Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5