Barne- og ungdomsavdelinga

Poliklinikk barn og ungdom Ålesund

Poliklinikk for barn og ungdom følgjer barn i alderen 0–18 år med ulike sjukdomar. Vi har hovudsakleg ansvaret for barn frå Sunnmøre og kommunane Vestnes og Rauma, men tek imot pasientar frå heile fylket ved behov. For enkelte sjukdomskategoriar har vi fylkesfunksjon.

Utgreiing og behandling av pasientar skjer i dag i stadig større grad gjennom poliklinisk verksemd. Ved våre poliklinikkar følgjer vi i utgangspunktet pasientar med dei fleste problemstillingar og diagnosar, i enkelte tilfelle i samarbeid med andre avdelingar/sjukehus. 

 

Vi mottek tilvisingar både fra allmennlegar og sjukehuslegar. Ved samansette problemstillingar med behov for tverrfagleg tilnærming, vurderer vi ofte pasientane ved barnehabiliteringa. Avhengig av sjukehistorie, symptom, klinisk undersøking og mistenkt diagnose, kan ei rad supplerande undersøkingar vere aktuelle. Hovudtyngda av pasientane er innan kategoriane astma og allergi, hjartelidingar, kreft, endokrine sjukdomar, mage-tarm-sjukdomar, urinvegslidingar, revmatiske sjukdomar, nyføddmedisin og infeksjonssjukdomar. Tilstandane kan vere medfødde eller erverva.

Temadagar

Barnepolklinikken arrangerar temadagar og samlingar for barn med ulike sjukdomar. Somme er for pasientar åleine, andre også for foreldre/pårørande. Vi har til dømes eigne temadagar for barn med cøliaki. Vi set fokus på god opplæring og rettleiing av både pasientar og pårørande.

Undersøkingar

  • Bodybox/pletysmografi

  • Bronkial provokasjonstest

  • CT

  • EKG - Elektrokardiografi

  • Ekkokardiografi

  • Ergospirometritest

  • Fruktosebelastning (fruktsukkerbelastning)

  • Gastroscopi

  • Kolonoscopi

  • Laktosebelastning (mjølkesukkerbelastning)

  • MR

  • MUCG (refluksundersøkelse)

  • Nyrescintigrafi - DMSA

  • Prikktest

  • Renografi - DTPA

  • Røntgen colon (tjukktarm) med kontrast

  • Røntgen generelt

  • Scintigrafi

  • Sykkeltest

  • Spirometri

  • Tredemølletest

  • Ultralyd generelt

  • Urinprøve

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:15 - 15:00
  • Tysdag 08:15 - 15:00
  • Onsdag 08:15 - 15:00
  • Torsdag 08:15 - 15:00
  • Fredag 08:15 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Telefonen er stengt frå 11.30 til 12.30

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Send oss ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken held til i barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Adresse

Opningstider
  • I dag 08:00 - 16:00
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

​Foreldre/føresette kan følge barnet til time på poliklinikken. På grunn av at ein stor del av pasientane hos oss ikkje er vaksinerte og vi forventar ei stor auke i luftvegsinfeksjonar denne hausten/vinteren, er det ikkje moglegheit for andre til å bli med. 

Kurs og møter