Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ny hovudinngang frå 1. oktober
1. oktober opna den nye hovudinngangen ved Ålesund sjukehus. Samtidig har vi fått frivillige sjukehusvertar som kan svare på spørsmål og hjelpe deg til å finne fram på sjukehuset. Den gamle hovudinngangen vart stengt frå same tidspunkt.
Hit kjem pasientar med nyresvikt som har behov for dialyse.
Dialyse
Nyrespesialistane i Helse Møre og Romsdal samarbeider tett, det er også tett samarbeid med dialyseavdelingane i Kristiansund, Molde og Volda. Dei fleste pasientane i fylket startar med dialysebehandling i Ålesund. Målet er at alle får dialysebehandling så nære heimstaden som mogleg. Ei dialysebehandling tar om lag fire timar, og dei fleste som går i dialyse har behov for å få behandlinga tre gonger i veka. Sjukepleiarane på dialysen har spesialkompetanse og vidareutdanning i nyresjukdommar, har lang erfaring, og pasienten i fokus. Sjukepleiarane på dialysen samarbeider tett med nefrologane (nyrespesialistar).
For å få hemodialysebehandling (HD), treng man ein blodtilgang. Dette kan vere ein AV-fistel (arteriovenøs fistel) eller eit dialysekateter. Dette er eit inngrep som treng innleggelse i Ålesund sjukehus.
Peritonealdialyse (PD)
Nyreseksjonen i Ålesund har ansvar for alle pasientar i heile Møre og Romsdal når det gjelder peritonealdialyse (posedialyse, PD). Dette er ei dialyseform pasienten sjølv kan utføre heime, eventuelt med hjelp av heimesjukepleiar. For å kunne få peritonealdialyse trenger man eit PD-kateter. Dette er eit inngrep som krever innleggelse ved Ålesund sjukehus. Nyreseksjonen i Ålesund er ansvarleg for opplæring og oppfølging av desse pasientane. PD-sjukepleiarar er tilgjengelege via telefon alle dagar.
Pasientar som skal utredast for nyre-/og eller bukspyttkjerteltransplantasjon (recipientutredes), blir innlagt på nyremedisinsk sengepost (Medisin 2). Det legges opp til at transplantasjonsutredninga, som består av ulike undersøkingar og samtaler, skal kunne gjennomførast i løpet av 1 veke.