Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund

Til poliklinikken kjem pasientar som treng utgreiing og behandling av sjukdommar i lever, bukspyttkjertel, gallevegar og mage- og tarmsystemet. Vi undersøker og behandlar deg som har betennelsestilstand i mage/tarmkanalen, magesmerter, diaré, blødning frå mage-/tarmkanalen, leversjukdommar (for eksempel hepatitt/gulsott). Vi har også pasientskular. I tillegg til undersøkingar er samtalar mellom lege og pasient ein vesentleg del av utgreiingsprosessen.

Vi tek imot pasientar som blir tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og frå andre avdelingar ved sjukehuset.


Betaling

Pasientar betalar eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntaket gjeld dei med frikort. I luka ved poliklinikken kan ein betale med bankkort eller få med seg ein giro. Dersom du ønskjer å betale kontant kan du gjere det i informasjonen ved hovudinngangen til sjukehuset.


Må du endre timeavtalen din så kan du gjere det på Helsenorge.no
 
Vil du ha din neste konsultasjon på video?
Sjå lenke om videokonsultasjon.

Diverse prøver vi tar ved poliklinikken vår

Gastroskopi

Med gastroskopi undersøkjer ein spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen. Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar i spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen, til dømes betennelse eller sår.

Kolonoskopi

Med kolonoskopi undersøkjer ein hovudsakleg tjukktarmen. Føremålet med kolonoskopi er å påvise sjukdom i tjukktarmen, til dømes betennelse. Vi kan ta vevsprøvar frå slimhinna, og utføre behandling.


Sjekkliste for henvisning - fastlege eller annen helsetjeneste henviser til utredning: 


  • Sykdomsdisposisjon i familien (cøliaki, autoimmun sykdom, inflammatorisk tarmsykdom, gastrointestinal og annen cancer)
  • Annen sykdom inklusive autoimmun sykdom
  • Symptomsvarighet
  • Symptombilde inklusive tilleggssymptomer
  • Utredningshistorie som endoskopifunn med prøvesvar (fecal calprotectin? Thyroideaprøver? Cøliakiprøver? Evt. histologisvar)
  • Behandlingsforsøk til nå




Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Telefon stengt fra 11.30 til 14.00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.

Adresse

Opningstider
  • I dag STENGT
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Kurs og møter