Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nyresjukdommar poliklinikk Ålesund

Hit kjem pasientar som er tilvist frå fastlegen, og som treng oppfølging frå nyrespesialist.

Det kan dreie seg om utgreiing av nyresjukdom, blodtrykksregulering, oppfølging av nyresvikt, og førebuing til dialysebehandling. I tillegg har legane oppfølging av pasientar som er nyre- og bukspyttkjerteltransplanterte, og organgivarar (donorar). Det er tett samarbeid mellom dialyseavdeling, poliklinikk og sengepost. Det er dei same legane og sjukepleiarane som vekslar mellom å jobbe på dei ulike avdelingane.

Nyresjukepleiarane på nyrepoliklinikken tilbyr informasjon om kost, ulike dialyseformer og førebuing til transplantasjon. Dei tar blodtrykkskontroll, gir jerninfusjonar og gir medikamentrettleiing.

Nyresjukepleiarane organiserer også "Nyreskulen" for nydiagnostiserte pasientar med pårørande. Nyreskulen blir gjennomført ein gong i året, om våren.

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Telefoner er stengt mellom 11.30 og 14.00

Postadresse

Ålesund sjukehus Postboks 1600 6026 Ålesund

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Behov for å endre timen din? Ring til avdelinga eller send ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd, og seinast 24 timar før avtalt time for å unngå gebyr. Då kan også andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje melder frå innan fristen, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

4. etasje, fløy A. Inngang via høgblokka (HØ).

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Opningstider

  • I dag 08:00 - 16:00