ØNH-poliklinikk og operasjonsstove Ålesund

Poliklinikken utgreier og behandlar pasientar med sjukdom eller skade i øyre- nase- halsområdet på spesialistsjukehusnivå. Vi tek imot pasientar som er tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og andre avdelingar på sjukehuset.

ØNH avdelinga har 2 operasjonsstover. Ei i tilknyting til ØNH-poliklinikk, der det blir utført mindre inngrep i lokalanestesi. Større inngrep og operasjonar i narkose blir utført ved dagkirurgisk eining og hovudoperasjon.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:30 - 10:30
  • Tysdag 08:30 - 10:30
  • Onsdag 08:30 - 10:30
  • Torsdag 08:30 - 10:30
  • Fredag 08:30 - 10:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
For timar etter 27. april kan du no sende oss melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din.

Sikker dialog

eDialog
For timar før 27. april kan du trygt sende oss ei melding via eDialog (login via ID-porten). Vi treng då fødsels- og personnummer for å finne timen din i vårt journalsystem.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

ØNH-poliklinikk har lokale i 1. etasje på nordsida av sjukehuset. På grunn av ombygging på sjukehuset må du bruke hovudinngangen (inngang sør) og gå gjennom sjukehuset. Meld deg i luke 3.

Pasientar som skal til operasjon skal også melde seg i luke 3, dersom anna ikkje er avtalt.

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

​ØNH-poliklinikk er open måndag-fredag kl 08.00-15.30.

Vi held stengt fire veker om sommaren. Sjå oversikt over feriestengde avdelingar i HMR.

​Du som ventar på operasjon kan ta kontakt med oss for å få ventelisteinformasjon.

Telefon 70 10 58 32 måndag - fredag kl 08:00 -10:30 og 13:00 - 15:00