Palliativt team for barn og unge

Kva kan vi bidra med?

Vi kan gi råd og rettleiing til helsepersonell som behandlar barn og unge med behov for palliasjon. Vi kan også hjelpe til i enkelte pasientsaker. Om familiar ønskjer kontakt med oss kan dei ta kontakt med sin primærlege der de vurderer om vi er rett instans.

Ung jente som plukkar løvetann i hagen.
I samarbeid med teamet som har kontakt med barnet/familien kan vi hjelpe til med:​
  • ​samtalar om målet for behandlinga
  • å koordinere lokalt hjelpeapparat og nettverk
  • råd om økonomiske støtteordningar
  • planlegging og støtte ved vanskelege samtalar, både heime, på sjukehuset og på skulen
  • ein plan for lindring ved smerter, uro, pustevanskar, utmatting, ernæringsvanskar, kvalme, angst eller søvnvanskar
  • støtte til best mogleg livskvalitet
  • planlegging og førebuingar viss livet går mot slutten
  • legge til rette for heimedød for dei som ønskjer det
Viss eit palliativt forløp endar med at barnet/ungdommen døyr, vil eit palliativt team kunna hjelpe den etterlatne familien med støtte og rettleiing i sorgprosessen.

Sist oppdatert 23.06.2023