Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon: Blodgiver

Blodgivar

Informasjon til deg som vil bli blodgivar.

​Blod kan ikkje framstillast på nokon måte, og må derfor bli gitt. Blod er uerstatteleg for å kunne behandle svært mange sjukdommar og skadar. Utan blodgivarar er det mange pasientar som ikkje hadde overlevd.

Alle kan kome i ein situasjon der ein sjølv, familie eller vener treng blod frå blodbanken. Blodgivarane våre er den ressursen sjukehuset er heilt avhengig av for å kunne gi pasientar det tilbodet dei har behov for.

Registrer deg som blodgivar

Blodbanken i Ålesund
Telefon: 70 10 56 02
E-post: blodbanken.alesund@helse-mr.no

Blodbanken i Volda
Telefon: 70 05 82 85
E-post: blodbankvolda@helse-mr.no

Blodbanken på SNR Hjelset
Telefon: 71 11 62 14
E-post: blodbanken.snr@helse-mr.no

Blodbankane i Helse Møre og Romsdal nyttar automatisk innkalling via SMS og e-post for å kalle inn blodgivarar til blodgiving.

Det er viktig at du stadfestar, endrar eller avbestiller den føreslåtte timen innan to dagar.

Ved gjentekne innkallingar utan tilbakemelding vil du ikkje bli kalla inn til blodgiving fleire gongar. Dersom du ønskjer å gje blod igjen, må du sjølv ta kontakt med blodbanken for å avtale ny time.

Du får ei tekstmelding frå Blodbank med forslag til timeavtale. Følg instruksjonane i SMS-en eller e-posten for å stadfeste, endre eller avbestille timen.

Når du er registrert som blodgivar ved blodbanken, vil du få SMS med forslag til time og lenkje til webbooking for stadfesting eller endring av føreslått time.

Volda: Kontakt blodbanken på telefon 70 05 82 85. 

Ålesund: Her kan du opprette brukar og logge inn.

SNR (Hjelset, Molde og Kristiansund): Her kan du opprette brukar og logge inn.

Sjå også brukarveiledning på St. Olavs hospital sine nettsider.   

Dersom du er bortreist eller ikkje tilgjengeleg for blodgiving i ein periode, er det fint om du sender ein e-post med informasjon om kor lenge du ikkje er tilgjengeleg. Du treng ikkje opplyse årsak. Då slepp du å motta innkallingar medan du ikkje kan gje blod.

Dersom du ikkje svarar på førespurnaden innan to dagar, vert blodgivartimen automatisk kansellert.

Blodbankane i Helse Midt-Noreg har ein mobilapp med informasjon til blodgivarar.

Last ned appen i app-butikken ved å søkje etter «Blodbanken».

Når appen er lasta ned, finn du fram til Blodbankane i Helse Midt-Noreg.

Den same informasjonen finn du også som webløysing for PC her.

Sist oppdatert 06.11.2025