Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Blodgiving
Blod er eit levande materiale og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ein ikkje framstille det kunstig – det må bli gitt. Blodet blir brukt til mange type pasientar og behandlingar, for eksempel ved kreftbehandling, operasjonar, ulykker, svangerskap og fødsel. Det finst inga erstatning for blod og mange pasientar er derfor heilt avhengige av at nokon gir blod.
Hovudregelen er at alle friske menneske over 18 år kan melde seg som blodgivar. Du kan gi blod inntil fire gongar i året.
Du må rekne med å bruke om lag ein halvtime når du skal gi blod, inkludert førebuing, tapping og kvile.
Du kan når som helst i heile prosessen stille spørsmål dersom du lurer på noko. Personalet har teieplikt.
Blodgiving skal ifølge
blodforeskriften vere frivillig og vederlagsfritt.
Tilvising og vurdering
Du treng ikkje tilvising for å gi blod. Du kan melde deg som blodgivar ved alle blodbankar/tappestasjonar i Noreg ved å registrere deg på nettsida GiBlod.no. Du kan også melde deg som blodgivar direkte til din blodbank. Gå til GiBlod for å melde deg som blodgivar
Før
Blodoverføring må ikkje skade blodgivar eller mottakar. Derfor vurderer blodbanken kvar blodgivar grundig før dei eventuelt kan gi blod. Kvar gong du skal gi blod fyller du ut eit spørjeskjema for blodgivarar. Skjemaet er til hjelp når ein skal velje ut kven som kan gi blod.
Etter at du har fylt ut skjemaet blir du intervjua av ein bioingeniør, sjukepleiar eller lege. Første gong du møter fortel vi deg om kva det vil seie å vere blodgivar. Ved registrering, eller ved første blodgiving, skal du vise legitimasjon. Vi tar også blodprøve og kontrollerer blodtrykk og puls.
Ved kvar blodgiving tar vi smittetestar for virus som kan innebere ein risiko for smitteoverføring av langvarige infeksjonar med livstruande komplikasjonar til pasienten.
Du bør ete før du gir blod, i tillegg til å drikke litt meir enn vanleg både før og like etter tappinga.
I nokre tilfelle kan det hende at ein blodgivar må ha lengre eller kortare opphald mellom blodgivingar. Det kan vere lurt å lese gjennom «Når kan eg ikkje gi blod» og «kven kan ikkje gi blod i Noreg» før du skal gi blod, slik at du ikkje må reise heimatt utan å få gi blod. Viss du er usikker på om du kan gi blod, kan du kontakte blodbanken.
I tillegg er det varierande karantenar i dei tilfella der blodgivar har fått injeksjonar, endoskopi, har fått blod osv. Her har årsaka til behandlinga betyding for om det blir opptil 6 månaders karantene, eller om du du ikkje kan vere blodgivar lenger. Ta kontakt med blodbanken.
Personar som ikkje er friske
Personar under 18 år
Personar som veg under 50 kg
Personar som bruker medikament fast. Unntaka er p-piller, allergimedisin og middel mot lågt stoffskifte. Utover dette er det behov for individuell vurdering av fagpersonell.
Personar som har hjarte-, lever- eller lungesjukdom, eller har hatt blødingstendens, livstruande allergiske reaksjonar eller kreft. Unntaka kan vere basalcellecarcinom og celleforandringar på livmorhalsen. Ta kontakt med blodbanken
Menn som har eller har hatt sex med menn
Kvinner som har eller har hatt sex med menn som har hatt sex med menn, får minimum 6 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt
Personar som bruker eller har brukt dopingmiddel eler narkotiske middel som sprøyter. Personar som har eller har hatt seksuell kontakt med person som bruker eller har brukt dopingmiddel eller narkotiske middel som sprøyter får minimum 6 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt
Prostituerte eller tidlegare prostituerte. Personar som har hatt seksuell kontakt med prostituerte og tidlegare prostituerte får minimum 6 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt
Personar som har opphaldt seg samanhengande i minst 6 månader i land der malaria er mykje utbreidd
Personar som har opphaldt seg i Storbritannia i over 1 år til saman i perioden 1980 – 1996 eller har fått blodoverføring der etter 1980
Personar som er fødd i Amerika sør for USA, har mor som er fødd i desse landa eller har fått blodoverføring i desse landa. Dette på grunn av mogeleg førekomst av T. Cruzi. Nokre stader godkjenner blodgivarar frå desse landa ved negativ test på T. Cruzi og etter å ha budd 6 månader i Noreg
Personar som har opphaldt seg meir enn 5 år til saman i Afrika sør for Sahara (gjeld ikkje Egypt, Libya, Tunis, Algerie og Marokko)
Viss ein har partnar frå eit land med høgare førekomst av Hepatitt C, får ein karantene i 5 år etter at samlivet starta. Ved eventuelt samlivsbrot må ein vente i 6 månader før ein kan gi blod
For å bli blodgivar må vi registrere deg i blodbanken sitt dataregister. Dette er nødvendig av fleire årsaker:
Vi må ha moglegheit til å kome i kontakt med blodgivarane våre
Vi må kunne dokumentere at gjeldande regelverk er følgt
Vi må ha oversikt over tappehistorikken til kvar enkelt blodgivar
Vi treng å lagre ein del opplysingar om blodtype etc. for å kunne velje riktig blod til den enkelte pasient
Opplysingar som blir lagra er i hovudsak:
Namn
Fødselsnummer
Adresse
Telefonnummer
E-postadresse
Timeavtalar
Registrering av kvar tapping
Blodtypeundersøkingar
Prøveresultat
Informasjon om korleis det har gått med kvar tapping
Som blodgivar har du krav på å få vite kva som er registrert om deg, og du kan krevje retting dersom feil informasjon er registrert.
Når kan eg ikkje gi blod
Mange infeksjonssjukdommar og risikosituasjonar gir karantene.
Årsaka til akupunkturbehandling er viktig. Dersom årsaka er av slik art at den i seg sjølv ikkje har betyding for blodgivinga, gjeld følgjande: akupunktur utført av autorisert helsepersonell i Noreg og med sterilt eingongsutstyr er godkjent. Akupunktørar, homeopatar, naprapatar og osteopatar er ikkje omfatta av den norske autorisasjonsordninga, og behandling hos desse gir 6 månaders karantene etter gjennomført behandling.
Flåttbitt gir karantene i 4 veker om det er ukomplisert. Dersom du har fått utslett eller andre reaksjonar er karantenetida 6 månader.
Minimum 6 månaders karantene etter siste holet er sett, med mindre det er brukt sterilt eingongsutstyr.
Gravide skal ikkje gi blod. Etter fødsel skal du vente minst 12 månader før du gir blod.
Bruker du antibiotika, kan du ikkje gi blod. Du må vente 14 dager etter avslutta behandling.
Infeksjon eller eksponering for infeksjon kan gjere at du tidsavgrensa eller permanent ikkje kan vere blodgivar.
Dersom du har vore forkjøla, må du vente 7 dagar etter at du er frisk og symptomfri før du kan gi blod
Dersom du har feber må du vente 14 dagar etter at du er frisk og symptomfri før du kan gi blod.
Dersom du munnsår, skal du ikkje gi blod. Du må vente 14 dagar etter at såret har grodd.
Dersom du har sår/gnagsår må du vente til du har heil hud/skorpe før du kan gi blod.
Dersom du hatt oppkast eller laus avføring, må du vente 14 dagar etter at du er symptomfri før du kan gi blod.
Dersom du har eller har hatt malaria kan du ikkje gi blod. Dersom du har vore i malariaendemisk område kortare enn 6 månader er karantenetida 12 månader. Eventuell malariatesting kan endre karantenetida. Testen kan tas etter 4 månader. Ta kontakt med blodbanken.
Medisinbruk kan gjere at du tidsavgrensa eller permanent ikkje kan vere blodgivar, avhengig av årsak og type medisin. Ta kontakt med blodbanken.
Personar som har hatt sporadisk/eingongsbruk av narkotiske middel som ikkje blir injisert har 1 års karantenetid.
Dersom du eller din seksualpartnar har opphaldt seg i land med høg førekomst av sjukdommar som kan smitte med blod, er det variable karantenereglar som gjeld. Sjå rettleiar for transfusjonstenesta i Noreg eller kontakt blodbanken. Spesielle epidemiologiske situasjonar kan nokre gongar gi karantene av varierande grad, for eksempel ved førekomst av vestnilvirus eller Zikavirus. Dette blir kunngjort av helsemyndigheitene. Ta kontakt med blodbanken.
Dersom du har opphaldt deg i område med utbrot eller aukande førekomst av zikafeber kan du ikkje gi blod før det har gått minst 28 dagar etter at du har forlatt området.
Dersom seksualpartnaren din har vore i eit zikaområde, må du vente 4 månader etter at partnaren din har kome heim, før du kan gi blod igjen.
Har du tatt piercing eller tatovering må du vente i 6 månader før du kan gi blod. Dersom det er sett hol i slimhinner som nese, tunge, leppe, kinn eller kjønnsorgan kan du som hovudregel ikkje gi blod før 1 månad etter at nåla er tatt ut.
Ny partnar gir karantene i 6 månader.
Vent i 24 timar før du gir blod. Ved rotfylling må du vente i 1 veke etter gjennomført behandling.
I tillegg er det varierande karantenar i dei tilfella der blodgivar har fått injeksjonar, endoskopi, har fått blod osv. Her har årsaka til behandlinga betyding for om det blir opptil 6 månaders karantene, eller om du du ikkje kan vere blodgivar lenger. Ta kontakt med blodbanken.
Under
Etter samtale med personalet tar du plass i ein stol på rommet for blodgiving. Vi desinfiserer stikkstaden grundig og sjekkar identiteten din for å forsikre seg om at blodposane er merka med riktige etikettar.
Du får eit stikk i arma og gir 450 ml blod, dette er 10–12 prosent av blodet du har i kroppen. Samtidig tar vi blodprøver for testing. Du får eit plaster på stikkstaden, og skal klemme godt på dette dei første minutta etter blodgivinga. Plasteret kan du fjerne etter nokre timar.
Etter
Etter tappinga vil blodvolumet bygge seg opp igjen i løpet av nokre timar. For å unngå uheldige reaksjonar som følgje av væsketapet, bør du kvile i 10 – 15 minutt etter at du har gitt blod, i tillegg til å drikke rikeleg.
Unngå å anstrenge deg hardt fysisk dei første 24 timane etter at du har gitt blod.
Etter blodgivinga bør det gå minst 12 timar før du vender tilbake til farleg arbeid eller hobby. Dette gjeld for eksempel flygarar, buss- og togførarar, kranførerar, fjellklatrarar, dykkarar og folk som ferdast i stigar og stillas. En del yrker og aktiviteter har strengare reglar enn 12 timer. For flyvere, som ikkje har arbeidsgiver med eigne regler, er det anbefala det å vente ein veke etter blodgiving. Du har sjølv ansvar for å sjekke om det er eigne regler for din jobb eller hobbyaktivitet når det gjelder blodgiving.
Kontakt blodbanken dersom du blir sjuk dei næraste dagane etter at du har gitt blod.
Ver merksam
Melder frå til blodbanken dersom du opplev ubehag eller biverknader under eller etter blodgiving.
Blodbanken finn du i 1. etasje. Følg skilting til Blodbanken/blodgiving.
Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken.
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet.
Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ.
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid
Poliklinikkinngangen er stengt
20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging.
Markerte område på bildet Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande Gul markering: HC-parkering Raud markering: Parkering for blodgivarar Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Blodbanken på Hjelset finn du i 4. etasje i C-fløya. Følg skilting til blodbanken.
Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar på gjesteparkeringa nærast hovudingangen. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken.
Opningstider
Opningstider for tapping (langope ein torsdag i månaden, kl. 10:00 til 17:00, etter avtale)
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.
Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.
Parkering
Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering.
Parkering
Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Vi har reserverte parkeringsplassarplassar rundt Høvdingbygget for pasientar og blodgivarar. Følg skilting på området.
Reserverte parkeringsplassar for Helse Møre og Romsdal er spreidd rundt bygget, markert i oransje på bildet over. Følg skilting på området.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Kafé SNR
Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst.
Opningstider
Mandag - fredag: kl 9:00-20:00
Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00
Kiosk
Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Laboratoriet finn du i 1. etasje. Bruk hovudinngangen til sjukehuset.
Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken.
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under.
Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Hovudinngang
Akuttmottak
Volda DPS
BUP
Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
Oransje markering: Parkering for HC
Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift)
Lilla: Ladestasjon
P: Parkeringsautomatar
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Volda sjukehus
Fly
Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider
For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.
Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.
Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
08.00–16.30
Kantina
Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar.
Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Blodbanken finn du i 2. etasje (plan 1). Bruk hovudinngangen til sjukehuset.
Merk at det er avsett eigne parkeringsplassar til deg som er blodgivar. Du treng ikkje å betale for parkeringa, men husk å registrere bilnummeret ditt før tapping på blodbanken.
Opningstider
Opningstider for tapping (kveldstapping etter avtale)
Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.
Fly
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.
KaffibarSjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet.