Avdeling for medisinsk mikrobiologi

Avdelinga utfører laboratorieundersøkingar innan medisinsk mikrobiologi for sjukehusa og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. Avdelinga har seksjonar i Molde og Ålesund.

Avdelinga jobbar tett opp mot klinikarane, og er ein viktig del av kjerneverksemda i arbeidet med  å stille diagnose og rådgiving med tanke på pasientbehandling. 

Avdelinga utfører:

  • Laboratorieanalyser for diagnostikk av infeksjonssjukdom
  • Screening for bærerskap av resistente mikrober
  • Tolking av analysesvar og rådgiving om vidare utredning/behandling av infeksjonssjukdom.
  • Innsamling av epidemiologiske data til nasjonale og internasjonale overvåkningssytem.
  • Utdanning av legar innan medisinsk mikrobiologi, undervisning av medisinstudentar, bioingeniørstudentar, sjukepleiestudentar og helsesekretærar.
  • Deltaking i nasjonale og internasjonal forskingsprosjekt

Avdelinga er akkreditert etter NS-EN ISO/IEC 15189.

Ved avdeling for medisinsk mikrobiologi er det meste av analysevolumet innan fagområda bakteriologi, virologi, parasittologi og infeksjonsimmunologi akkreditert etter NS-EN ISO/IEC 15189. 

Denne standarden stiller spesifikke krav til laboratoriet sitt personale, opplæring, internrevisjon, utstyr, prosedyrar, arkivering, tilgjengelegheit og anna. For å oppretthalde akkrediteringa blir laboratoriet vurdert av eksterne bedømmarar om lag ein gong årleg.

Oversikt over akkrediterte analysar og undersøkingar finnast i Akkrediteringsdokumentet.

For historisk akkrediteringsomfang, kontakt avdelinga.

 

Sjå vår brukarhandbok her. 

Brukarhandboka gir informasjon om våre analysar, kliniske problemstillingar, prøvetaking med meir. ​

Ny bestillingsportal er innført for prøvetakingsutstyr i Helse Midt-Norge frå 22.04.2024

Bestillingsportalen finn du her: Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no)

Vi tilbyr våre rekvirentar prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar, på vilkår av at prøvene blir rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

Varene sendast frå regionalt logistikksenter på Heimdal, og leverast på same måte som tidlegare, med intern levering ved henting av prøver eller via Bring. Forventa leveringstid er 3-5 arbeidsdagar.

Dei gamle bestillingslistene blir stengt i løpet av sommaren 2024. 

Nokre ting å vere obs på i den nye bestillingsløysinga

Butterfly kan dessverre ikkje lenger kjøpast direkte frå oss, dette må kjøpast frå andre, til dømes NorEngros.

Pga samordning av ein del prøvetakingsutstyr i regionen kan det vere at du ikkje finn akkurat dei same varene som tidlegare, men du skal fortsatt finne dei som trengs for prøver som sendast til oss for analysering. Om det er varer du likevel tenker manglar i løysinga, ta kontakt, så vil vi vurdere om det er noko vi må få lagt inn.

Registrering

Om du ikkje alt er registrert, kan du registrere deg på Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no), trykk på knappen for «Opprett bruker».
Deretter registrerer du deg slik:

  1. Finn di eining i rekvirentoversikta nederst i skjemaet (bruk søkefeltet for å finne lett fram).
  2. Velg di eining, og du vil få beskjed om å aktivere rekvirenten. Trykk på markert tekst for å gjere dette.
  3. Fyll inn eit telefonnummer og ei epostadresse som er eit felles kontaktpunkt for eininga (typisk post@eksempel...)

No har du aktivert di eining for bestillingar. Du vil få ein e-post der du kan følgje framgangsmåten for å opprette passord og deretter logge deg inn i systemet 
Når du har logga deg inn i systemet som eining/rekvirent kan du opprette fleire bestillarar som alle kan bestille prøvetakingsutstyr på vegne av aktuell eining/rekvirent.
 
Har du spørsmål eller treng hjelp med å komme i gang? Les brukardokumentasjonen her: https://hmn-bestillingsportal-ls.helse-midt.no/dokumentasjon/ eller kontakt oss på 
HMN.provetakingsutstyr@stolav.no

OBS! For enkelte rekvirentar, tilknytt Norsk Helsenett, har det vore problem med å komme seg inn i den nye bestillingsløysinga. Dette skal no vere retta, så prøv gjerne på nytt om du har hatt problem tidlegare. Har du framleis problem, send beskjed til HMN.provetakingsutstyr@stolav.no.

 

16-20 Bytte av leverandør for analyse/prøvetakingsutstyr for seksuelt overførbare sykdommer (Klamydia, gonorè, Mycoplasma genitalium)
15-20 Nytt prøvetakingsutstyr for påvisning av SARS-cov-2 (Virus Preservation Medium, VPM)
14-20 SARS-CoV-2 testing av utenlandske arbeidere/sesongarbeidere
13-20 Antistotttesting for COVID-19 Epidemologisk kartlegging av annen luftveissykdom
12-20 Infeksjonsimmunologiske analyser i Møre og Romsdal samles ved mikrobiologi Molde
11-20 All mikrobiologisk diagnostikk tilgjengelig som normalt
10-20 Justering av testkriterier for samstemming mot FHI
09-20 Justering av kategorier for å øke antallet testede for SARS-cov-2
08-20 Justering av COVID-pasientkategori 6 og 7
07-20 Overgang til nye COVID-pasientkategorier samsvarende med FHI
06-20 Prioritering av pasienter for diagnostikk
05-20 Oppdatert informasjon SARS-CoV-2
04-20 Oppdatert informasjon vedrørende prøvetaking for SARS-COV-2
03-20 Innskrenking i PCR diagnostikk ved AMM på grunn av Coronavirusutbrudd
02-20 Coronavirus 2019-nCoV
01-20 Infeksjonsimmunologiske analyser i Møre og Romsdal samles ved mikrobiologi, Molde fra og med 24. februar 2020

04-19 Nedleggelse av analyse serum Helicobacter pylori IgG
03-19 Diagnostikk av Mycoplasma genitalium

02-19 Info til rekvirenter vedrørende endring av prøvetakingsutstyr eSwab
01-19 Råd om håndtering av ESBL produserende mikrober

03-18 To saker: Dyrkingsprøver ved bakteriell vaginose og Overgang til molekylærdiagnostikk for gastroenteritt - også for rekvirenter på Sunnmøre
02-18 Ny rekvisisjon til Avdeling for medisinsk mikrobiologi - Molde.pdf
01-18 Nytt prøvetakingsutstyr til undersøkelse mhp Chlamydia trachomatis/Neisseria gonore/Mycoplasma genitalium

03-17 Overgang til molekylærdiagnostikk (PCR) for tarmpatogene agens
12-17 Blodkultur - endring ved rekvirering i Ros
02-17 Ny analyse - Legionella PCR
01-17 Retningslinjer for bakteriologiske dyrkningsprøver for vagina/cervix

04-16 Ny transportordning for mikrobiologiprøver
03-16 Mononukleose - undersøkelser
02-16 Ny rekvisisjon Mikrobiologi Ålesund
Oversikt over prøver som kan sendast fredagar

01-16 Endring av prøvetakingsutstyr (03.03.2016)
09-16 Stans i postlevering laurdag - informasjon til eksterne rekvirentar (25.02.2016)
10-16 Stans i postlevering laurdag - informasjon til rekvirentar ved sjukehusa (25.02.2016)

04-15 Godkjenning for handtering av celler og vev (30.12.2015)
03-15 Nedlegging av infeksjonsimmunologi-analysar Molde (17.12.2015)
02-15 Ny rekvisisjon Mikrobiologi Molde
01-15 Tilbakemelding om avvik ved mottak av prøver

Urin-prøver: dyppekultur avviklast frå 01.11 (02.10.2014)
Endring i klamydiadiagnostikk Ålesund (01.10.2014)
EBV, CMV og Borrelia utførast av Seksjon Molde frå 01.10 (18.09.2014)
Merking av prøver til Avdeling for medisinsk mikrobiologi (30.06.2014)
Ny type uringlas (med borsyre) ved Seksjon Ålesund (04.07.2014) 
Ny type eswab (med blå topp, tynnare type), Molde (12.03.2014)
Mottak av prøver utanom ordinær opningstid, Molde (24.02.2014)
Avvikling av analyse Calprotectin i fæces (22.11.2013)
Nye analysar: Kvantitativ påvising (PCR) av Hepatitt B-virus, Hepatitt C-virus og Cytomegalovirus. (24.09.2013)
Nedlegging av KBR - analyse (komplementbindingsreaksjon) (27.08.2013)
Endra rekvirering i RoS - Lab.medisin Ålesund (01.08.2013)
Nytt prøvetakingsutstyr Fæcesprøver (14.06.2013)
Prøver som blir undersøkte for genital klamydia undersøkast også for gonoré (06.05.2013) 
Endring i serologisk kikhostediagnostikk (11.04.2013) 
Rekvirering av blodkultur i Ros - Lab.medisin Ålesund (2013)
Beredskapsvakt mikrobiologi seksjon Ålesund (2013)
Prøvetakingsutstyr til klamydiaundersøking (28.03.2012)
Klamydiaundersøking – gammalt prøvetakingsutstyr utgår frå 19. juni 2012
Nytt datasystem for serologiske prøver (NSL) (27.02.2012)
Rekvisisjon for bakteriologiske prøver - ny versjon (29.02.2012)  
Gratis prøvetakingsutstyr og ferdig frankerte konvoluttar (28.11.2011) 

Avdeling for medisinsk mikrobiologi jobbar med stadig betring og automatisering av diagnostikken vår.
Vi har skaffa ein robot som kan poole prøvar, dvs auka analysekapasiteten vår. Den same roboten skrur og av og på korkar på røyra, dvs sparer hendene og skuldrene våre for belastningsskadar.

For at denne roboten skal fungera optimalt er vi heilt avhengig av at prøvetakingsutstyret blir slik nytta det er tiltenkt. Vi har derfor laga ein liten videosnutt for å illustrera korleis swab'ein skal knekkast av ved å bøya han på kanten av røyret etter prøvetaking.

Swab'ein blir plassert i røyret slik at knekkpunktet er på nivå med rørkant. Pinnen blir deretter bøygd 180 grader slik at pinnen blir knokken på brekkpunktet. Det er særs viktig at alle følgjer dette.

Instruksjonane som er viste på baksiden av enkeltpakningene illustrerer ikkje godt nok viktigheita av at swab blir knokken ved brekkpunkt.
Dette bildet gir en bedre illustrasjon:

 

Kontakt legen din om du ønsker svar på prøver som er tatt. Avdelinga gir ikkje ut prøvesvar direkte til pasientar. Prøvesvar blir sendt til fastlegen din eller legen som har tatt prøva så snart det er ferdig.

Vanlege svartider:

  • Prøver frå øyre, nase, hals: Tre dagar
  • Prøver frå puss og sår: Tre dagar
  • Urinprøver: To til tre dagar
  • Avføringsprøver: Tre til fire dagar
  • Soppdyrking av neglar, hud og hår: Fire veker
  • Blodprøver HIV, Hepatitt, Borrelia, andre antistoff: Fire til fem dagar

Reservasjon mot bruk av innsamla biologisk materiale til forsking (Folkehelseinstituttet)

Organisasjonskart for medisinsk mikrobiologi

Avdelingssjef (Kst.): Marie Aslaksen Røed

Medisinsk fagleg rådgjevar (Kst.): Karl-Fabian J. Åhrberg​

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 21:00
  • Tysdag 08:00 - 21:00
  • Onsdag 08:00 - 21:00
  • Torsdag 08:00 - 21:00
  • Fredag 08:00 - 21:00
  • Laurdag 08:00 - 21:00
  • Søndag 14:00 - 18:00

Ålesund:

70 10 50 74
  • Måndag 08:00 - 21:00
  • Tysdag 08:00 - 21:00
  • Onsdag 08:00 - 21:00
  • Torsdag 08:00 - 21:00
  • Fredag 08:00 - 21:00
  • Laurdag 08:00 - 20:00
  • Søndag 14:00 - 18:00

Postadresse

Medisinsk mikrobiologi Molde
Helse Møre og Romsdal
Postboks 2700
6407 Molde
Medisinsk mikrobiologi Ålesund
Helse Møre og Romsdal
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Molde sjukehus med en plen foran seg

Molde sjukehus

Parkveien 84

6407 Molde

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Bioposten

Nyheiter frå laboratoria i Klinikk for diagnostikk. Medisinsk biokjemi, mikrobiologi, patologi.

Les Bioposten her
Illustrasjonsbilde, prøvetakingsutstyr