Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Hjelset

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er det nye fellessjukehuset for innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal. Akuttsjukehuset og psykiatri- og habiliteringsbygget ligg på Hjelset, ca 17 km aust for Molde sentrum og ca 54 km sør for Kristiansund sentrum. 8. oktober 2024 er det offisiell opning av psykiatri- og habiliteringsbygget, og frå 14. oktober startar innflyttinga for pasientar og tilsette. Heile sjukehuset skal stå klart våren 2025.

Kontakt

Sentralbordet

71120000

Slik finn du fram

Midlertidig inngang

Opdølvegen 2b
6450 Hjelset
Vi skal bruke inngang 2b fram til hovudinngangen til sjukehuset opnar våren 2025. Sjå Kart og parkering Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset.

Flyfoto over sjukehusområdet. Merka område for gjesteparkering, HC-parkering, gangveg og inngang til psykiatri- og habiliteringsbygget.
Bruk inngang 2b (Opdølvegen 2b). Denne er til psykiatri- og habiliteringsbygget. HC-parkering og korttidsplassar (10 minutt) finn du ved inngangen. Gjesteparkering finn du like nordvest for psykiatri- og habiliteringsbygget. Følg midlertidig skilting på området. 

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Besøkstider

Avdelingane i Helse Møre og Romsdal kan ha ulike besøkstider. Her finn du ei oversikt.
Besøkstider
Illustrasjonsbilde, to damer på besøk til pasient