Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Radiologi SNR Hjelset

Avdeling for radiologi på SNR Hjelset tilbyr eit breitt utval bilettekniske tenester innan diagnostisk røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk ressonans), angiografi (bilete av blodårer), mammografi (røntgenbilete av bryst).

Vi tek imot drop-in for røntgen av lungene ved akutt behov alle kvardagar (måndag-fredag) mellom kl 09:00 – 11:00 og 12:30 – 14:30. 

Ta med deg papir-henvisninga som du fekk frå legen som henviste deg.

Dersom mange møter til drop inn samtidig kan det bli noko ventetid.

Avdelinga har akuttfunksjon med radiografar og røntgenlegar på vakt heile døgnet.

Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte, slik at vi får registrert at du har kome.

Har du frikort skal dette visast fram i røntgenekspedisjonen ved frammøte.
Eigendelen kan du betale med kort i bankterminalen på røntgenavdelinga.


Eigendelen er 287 kroner. 

Barn under 16 år er gratis.

Betaling for "ikkje møtt til time" er 1612 kroner.

Avdelingssjef Odd Arne Haram
odd.arne.haram@helse-mr.no

Seksjonsleiar Eli Iren Sildnes
Eli.iren.sildnes@helse-mr.no

Vi har flytta inn i nytt sjukehus på Hjelset

Fleire avdelingar har dermed fått ny oppmøtestad. Ver særleg merksam på kva oppmøtestad som står i innkallingsbrevet ditt. Dersom det ikkje står telefonnummer i innkallingsbrevet ditt og du har behov for å nå oss, kan du ta kontakt via sentralbodet på telefon 71 12 00 00.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Kontakt

Radiologi SNR Hjelset

  • Måndag 09:00 - 15:00
  • Tysdag 09:00 - 15:00
  • Onsdag 09:00 - 15:00
  • Torsdag 09:00 - 15:00
  • Fredag 09:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bruk hovudinngang og følg skilting til bildediagnostikk i samme etasje mot aust forbi apotek og glaskorridor.

Ta kontakt med skranken for bildediagnostikk ved frammøte.   

 

Molde sjukehus

Molde sjukehus

Praktisk informasjon

​Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Hjelset på telefon 71 11 62 21 mandag - fredag i tidsrommet 09:00 - 15:00.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.