Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Seineffektpoliklinikken
Etter avslutta kreftbehandling er forventninga frå både pasientar og pårørande ofte at helsa skal bli som før, men slik er det ikkje for alle. Mange pasientar opplev plagsomme seineffektar etter kreftsjukdom/behandling og i nokre tilfelle oppstår dei mange år etter avslutta kreftbehandling.
I Seineffektpoliklinikken har vi eit tverrfagleg team beståande av kreftsjukepleiar, kardiolog, fysikalsk medisiner (rehabilitering), kreftlege og barnelege. I tillegg samarbeidar vi med alle seineffektpoliklinikkar i Norge.
Pasientar som har alvorlege og kompliserte seineffektar eitt år etter kreftbehandling, kan bli tilvist til Seineffektpoliklinikken for vurdering og behandling. Det er fastlegen din som kan tilvise til behandlinga.
Begrunna mistanke om at dei aktuelle plager er knytta til tidlegare kreftsjukdom/behandling
Vaksne (>18år)
Aktuelle pasientar tilvisast elektronisk via Kreftavdelinga i Ålesund og merkast «Poliklinikk for seineffekter». Ved tilvising ber vi om at ein nyttar mal for «den gode henvisning», men alle tilvisingar må innehalde punkta som er satt opp i vedlagte mal.
Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Du kan følge gangvegen ned Åsehaugen, forbi Spar-butikken, gå ca 100 meter før du tar til høgre der du ser skilting til Kreftavdelinga.
Du kan gå via parkeringshuset, der du tar trappa/heisen ned til første etasje. Herifrå tar du til venstre og går rundt sjukehuset, forbi Barne- og ungdomsavdelinga før du kjem til Kreftavdelinga.
Det tar nokre minutt å gå frå busstoppet til avdelinga.
Parkering
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Barneavdelinga og kreftavdelinga har noko parkering utanfor Barne- og ungdomsavdelinga. Her er det parkeringsautomat på staden. Du registrerer deg på automaten når du kjem, og kan avslutte parkeringa når du kjem tilbake dersom du ikkje har brukt all parkeringstida di. Du kan også betale med app (Parkly og EasyPark)
Du kan også parkere i parkeringshuset ved sjukehuset. Då tar det nokre minutt å gå rundt på utsida av sjukehuset til avdelinga.
Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Kafé
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.