Et nærbilde av en persons hender

Revmatologisk sengepost

Revmatologisk sengepost har 2 sengeplassar ved ortopedisk sengepost.  Årsaker til innlegging kan vere samansette problemstillingar, med omfattande utgreiing, vurdering og oppfølging. Sengeposten har eit fylkesdekkande tilbod innan revmatologi. 

Koronaviruset: Informasjon til pasientar med revmatologiske inflammatoriske sjukdommar

Du kan lese om koronaviruset og revmatiske sjukdommar på Diakonhjemmet Sykehus sine nettsider

Les meir om revmatologisk sengepost

Alle pasientar med inflammatoriske revmatiske sjukdommar har rett til nødvendig helsehjelp. Ein del pasientar med degenerative sjukdommar er også prioritert i revmatologi.

Revmatologiske avdelingar i Norge har stor pågang av tilvisingar, og må difor prioritere pasientane. For å gjere det på best mogleg måte er vi avhengig av gode tilvisingar fra fastlegane. Dessverre mangler mange tilvisingar viktige opplysningar. Særs viktig i vår vurdering av tilvisingane er undersøkinga som blir gjort av legen, ikkje kun pasienten si oppleving av smertene.

Ei tilvising må innehalde:

  • Klar problemstilling/ anamnese med symptommønster
  • Kliniske funn ved undersøking
  • Evt. laboratoriefunn
  • Evt. røntgen u.s.

Ved mistanke om artritt/ polyartritt

  • Varigheit av leddplager
  • Hovne eller ømme ledd – inklusiv klinisk undersøking
  • Morgonstivheit, redusert funksjonsnivå
  • Lab.funn – SR/ CRP, evt. RF/ Anti-CCP evt. relevant serologi ved mistanke om reaktiv artritt

Ved mistanke om spondylartritt (Bekhterevs sjukdom)

  • Inflammatoriske låge ryggsmerter
  • Morgonstivheit  > 30 min
  • Aktivitetslindring
  • Effekt av NSAID
  • Varigheit av ryggplager
  • Vevstype HLA-B27
  • MR av Iliosacral-ledd  (Evt. Røntgen eller CT)

Revmatologiske sjukdommar kan delast inn i fire hovudgrupper:

  • Inflammatoriske sjukdommar til dømes leddgikt, psoriasisleddgikt og spondylartritt (Bekhterevs sjukdom)
  • Bindevevssjukdommar (til dømes Sjøgrens syndrom og lupus)
  • Degenerative sjukdommar (til dømes slitasjegikt og beinskjørhet)
  • Bløtdelsrevmatisme (til dømes fibromyalgi)

Inflammatorisk sjukdom betyr at der er ein betennelse i kroppen, til dømes i ledd. Betennelsen skuldast ikkje bakteriar eller virus (som ved infeksjonar). Ein veit pr i dag ikkje årsaka til at ein slik betennelse/inflammasjon skjer.

På revmatologisk avdeling blir i hovudsak pasientar med inflammatoriske sjukdommar og bindevevssjukdommar behandla.

Pasientar med degenerative sjukdommar blir i nokre tilfelle henvist til revmatologisk avdeling eller ortopedisk avdeling, men kan i dei fleste tilfelle bli fylgt opp i kommunehelsetenesta.

Blautdelsrevmatisme omfattar ulike diagnosar, symptom og plager frå musklar, sener og ledd (til dømes fibromyalgi). Pasientar med blautdelsrevmatisme blir i hovudsak fylgt opp i kommunehelsetenesta.

Barn med revmatiske sjukdommar blir i hovudsak følgt opp på barneavdelinga eller ved andre sjukehus.

Klinisk undersøking

Klinisk undersøking er ein vesentlig del av utgreiinga ved mistanke om revmatisk sjukdom. Ved undersøking av ledda ser legen spesifikt etter om det er hevelse, varmeauke, ømheit eller nedsett funksjon i ledda, kort sagt om det er teikn til betennelse eller ikkje.
Saman med sjukehistoria er klinisk undersøking eit viktig reiskap for å stille rett diagnose og kunne gje rett behandling.

Supplerande undersøkingar blir også brukt som hjelpemiddel for å stille diagnose og vurdere behandling:

  • Blodprøver og urinprøve
    Ulike blod-/og urinprøver kan vere ei rettesnor som kan peike i retning av ulike revmatiske sjukdomar, men ein kan ikkje stille diagnosar utelukkande ved hjelp av desse prøvene.
  • Schirmers test
    Schirmers test er måling av tåreproduksjon ved hjelp av filterpapir på begge auge. Den skjer ved at ein legg eit filterpapir under nedre augelokk på begge auge. Ein skal ikkje bruke augedråpar eller kontaktlinser den dagen ein skal ta Schirmers test. Elles er det ingen førebuingar. Undersøkinga blir brukt ved utgreiing i forhold til Sjøgren syndrom.
  • Sialometri
    Sialometri er måling av spyttproduksjon. Den er smertefri og tek 15 minutt. Ein skal ikkje ete, drikke eller ha noko i munnen den siste timen før undersøkinga. Elles er det ingen førebuingar. Undersøkinga blir brukt ved utgreiing i forhold til Sjøgren syndrom.

  • Biopsiar
    Nokre gongar kan det vere aktuelt å ta ein vevsprøve som ledd i utgreiinga.

Bildediagnostikk

Nokre gonger kan bildediagnostikk vere viktig i utgreiing og oppfølging. 

  • Ultralyd

    Ultralyd blir gjort av legar på revmatologisk avdeling. Det viser kroppens blautdelar, ein kan til dømes sjå om der er pågåande leddhinnebetennelse (synovitt) i eit ledd, og ein kan sjå nøyaktig kvar betennelsen sit, og graden av inflammasjon (betennelse). Ultralyd blir også brukt som hjelpemiddel når legen skal setje sprøyte i eit ledd
    Andre gonger er det nødvendig å henvise pasienten til andre avdelingar for bildediagnostikk, til dømes røntgen, isotop eller MR-undersøking.
  • Røntgen

    Røntgen er den beste undersøkinga av beinvev/skjelettviser og kan vise varige forandringar i beinvevet. Ein kan ikkje sjå blautdelane rundt ledda på røntgen. Enkelte gonger må ein ta røntgen av anna enn ledd, til dømes lunger.
  • CT

    CT er ei meir detaljert røntgenundersøking.  
  • MR

    MR-maskina består av ein kraftig magnet, ein radiosender, ein radiomottakar (antenne) og ei datamaskin. MR kan gje informasjon om aktiv inflammasjon (betennelse) i ledd eller blautdelar som senefester, slimposar og muskulatur.  
  • PET/CT på revmatologisk indikasjon
    • PET kan utførast i Ålesund
    • Storkarsvaskulitt
    • IgG4 - sjukdom
    • Lunge / utbredt sarkoidose
    • Hjartesarkoidose

Fysioterapi

Fysioterapi inngår i den totale vurdering og behandling av pasientar med revmatiske sjukdommar. Fysioterapivurdering vil difor som regel enten skje ved revmatologisk poliklinikk eller under innlegging i revmatologisk avdeling.

Revmatiske sjukdommar kan føre til smerte og funksjonsproblem i rørsleapparatet og både undersøkinga og den fysikalske behandlinga har som mål å kartlegge dette, og likeins foreslå tiltak som skal verke positivt inn på funksjonsevne og livskvalitet.

Ergoterapi

Ergoterapi inngår som ein del av det tverrfaglege tilbodet ved revmatologisk avdeling, både på sengepost og i poliklinikk. Ergoterapifaget har hovudfokus på aktivitet og ser på samanhengen mellom helse, aktivitet og miljø. Dersom den revmatiske sjukdommen medfører vanskar med å utføre daglege aktivitetar, anten det er heime, i arbeid, på skule eller i fritidssammanheng, bør vedkomande henvisast til ergoterapeut. Målet er at pasienten skal behalde livskvalitet og vere mest mulig sjølvhjelpen i daglege aktivitetar som den enkelte synest er viktige.

Ergoterapeuten bidreg med kartlegging og vurdering av funksjon, arbeid-/heimesituasjon og buforhold. Det blir gitt hjelp til søknad på tekniske hjelpemiddel og tilpassing av handskinner/ortoser.

Oppfølging skjer både ved frammøte på poliklinikk, sengepost, infusjonspoliklinikk og dagbehandling på revmatologisk sengepost. Vi gjennomfører også video- og telefonkonsultasjonar.  

Behandlinga som blir gitt ved revmatologisk sengepost blir til ei kvar gitt i tråd med nasjonale og internasjonale retningsliner. Pasientar får behandling ut frå diagnose og alvorsgrad av sjukdommen. Lege og pasient kjem i samråd fram til kva behandling pasienten skal ha.

Behandlinga kan i grove trekk delast inn i desse gruppene:

1. Ikkje-medikamentell behandling:

  • Aktivitet
  • Trening
  • Fysioterapi

2. Medikamentell behandling:

  • Lokalbehandling:
    Injeksjonar i til dømes ledd, senefester eller slimposar. Dette er behandling som blir vurdert fortløpande og ofte bestemt mens pasienten er på poliklinikken eller sengeposten.
  • Systemisk / medikamentell behandling

I den systemiske medikamentelle behandlinga av revmatiske sjukdomar kan vi dele medikamenta inn i fire grupper:

  1. Smertestillande (Til dømes Paracet, Paralgin forte, Nobligan)
  2. NSAID’s (Forkortinga står for ”Non Steroid Anti Inflammatoric Drugs”). På norsk ofte kalla betennelsesdempande. (Til dømes Ibux, Naprosyn, Voltaren)
  3. Steroider (kortisonpreparater, til dømes Prednisolon)
  4. Sjukdomsmodifiserande medikament. Her er tre undergrupper. DMARD Forkortinga står for ”Disease Modifying Anti Rheumatic Drugs”. På norsk: sjukdomsmodifiserande medisinar. 
    • cDMARD (konvensjonelle DMARD til dømes Methotrexate, Salazopyrin EN, Arava)
    • bDMARD (biologiske DMARD til dømes Humira, Enbrel, Remicade, Orencia, MabThera)
    • tDMARD (targeted DMARD JAK-hemmere til dømes Xeljanz, Jyseleca og Rinvoq)

Du kan også kontakte oss på e-post. E-post skal berre nyttast for å oppnå kontakt. Skriv kort kva førespurnaden gjeld, f.eks spørsmål om kontrolltime, fornying av resept mv. Legg ved telefonnummer så vil vi ringe tilbake til deg.

NB. Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-post.

Vår e-postadresse er revmatologisk@helse-mr.no

Vår målsetting er å gi pasientar med betennelsesaktige ledd- og bindevevssjukdommar eit optimalt tilbod i høve til diagnostikk, behandling og oppfølging.

Å gi pasientar og pårørande opplæring om sjukdommen slik at dei aktivt kan medverke i behandlingsopplegget og leve best mogleg med sjukdommen.

Å sørge for at avdelinga har velkvalifiserte fagpersonar, sørge for fagutvikling og vekst i fagmiljøet gjennom internundervisning, rettleiing og kurs.

Arbeide for god samhandling mellom avdeling, primærhelseteneste og pasienten sjølv.


Kontakt

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Revmatologisk avdeling Postboks 1600 6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

7. etg. i høgblokka ved Ålesund sjukehus.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

Alle dagar kl 17.00 - 19.00.

  • Kle som er lette å bevege seg i
  • Liste over alle medisinane du brukar
  • Toalettsaker
  • Minst mogleg verdisaker

Frukost: kl 08.00

Lunsj: kl 12:00

Middag: kl 16:00

Kveldsmat: kl 19.30

​Etter avklaring med teamet kan du få permisjonar ettermiddag/helg. Ved permisjonar må du sjølv ordne transport og dekke eventuelle kostnader.