
Stråleterapien, Ålesund
Stråleterapiavdelinga har to behandlingsapparat. Her brukar vi moderne rotasjonsbehandling støtta av kunstig intelligens. Vi gir strålebehandling til dei aller fleste pasientgrupper. Strålebehandlinga vert planlagt og gjennomført i eit tverrfagleg samarbeid mellom lege, medisinsk fysikar og stråleterapeut. I tillegg har vi ingeniørar som sørger for at det tekniske utstyret fungerer etter føreskriftene og sekretærar som tek imot deg når du kjem.
Kontakt
Telefon
Praktisk informasjon
Behandlingar
-
Strålebehandling
Strålebehandling bruker vi både ved heilande og lindrande behandling av kreftsjukdom, og for å førebygge utvikling av sjukdommen. Strålebehandling blir gitt så målretta som mogleg for å gjere minst mogleg skade på friskt vev.
-
Strålebehandling av brystkreft etter operasjon
Strålebehandling kan vere aktuelt som ei tilleggsbehandling etter brystkreftoperasjonen. Målet for behandlinga er å fjerne eventuelle gjenverande kreftceller i brystet, brystveggen og/eller i lymfeknutar.
-
Strålebehandling – pustestyrt
Pustestyrt strålebehandling er ein teknikk som blir brukt for å skåne hjartet og lungene mest mogleg ved stråling eller for å halde området i ro dersom det blir påverka av pustebevegelsane. Behandlinga krev at du øver deg på pusteteknikken som blir brukt, før sjølve strålebehandlinga.
-
Strålebehandling ved prostatakreft
Du har fått påvist kreft i prostatakjertelen (blærehalskjertelen) og det er bestemt at du skal få strålebehandling. Formålet med behandlinga er i dei fleste tilfella å kurere kreftsjukdommen. Hos nokre kan formålet vere å få langvarig kontroll over sjukdommen og hindre vekst av prostata.
-
Seinskader etter strålebehandling mot bekkenområdet
Strålebehandling mot bekkenområdet blir nytta ved behandling av fleire kreftformer. Nokre av pasientane som får slik behandling kan få seinskadar etter behandlinga.





