Spørsmål og svar
Her er svar på det innbyggjarar, kommunar og tilsette oftast spør om, frå responstid til kva rolle brannvesenet får. Finn du ikkje svar, kan du sende oss spørsmålet ditt.
Kvifor kuttar de i ambulansetenesta?
Helse Møre og Romsdal må redusere kostnadene for å kunne gi innbyggjarane i fylket eit forsvarleg pasienttilbod også i åra som kjem. Dette gjeld alle klinikkar og avdelingar. Klinikk for prehospitale tenester fekk eit innsparingskrav på 20 millioner kronar i 2026. Arbeidsgruppa vurderte fleire tiltak, og tiltaket som no føreligg blei etter ei samla vurdering valt fordi det gir minst konsekvensar for det samla akuttmedisinske tilbodet i fylket.
Når skjer endringa?
Endringa trer ikkje i kraft før den lokale risikoanalysen er gjennomført og dei kompenserande tiltaka er på plass i kommunen det gjeld.
Kva er en risiko- og sårbarheitsvurdering (ROS-analyse)?
Ei risiko- og sårbarheitsvurdering (ROS-analyse) er ein systematisk metode for å identifisere og vurdere risiko. Analysen ser på kva utfordringar og hendingar som kan oppstå, kor sannsynlege dei er og kva konsekvensar dei kan få. Deretter blir det vurdert kva tiltak som kan redusere risikoen til eit akseptabelt nivå.
I ambulansesaka blir ROS-analysane gjennomførte for å vurdere korleis dei planlagde endringane kan påverke beredskap og pasientsikkerheit. Analysane omfattar mellom anna responstid, handtering av samtidige hendingar, pasienttransport og samarbeid med legevakt og brannvesen. Resultata skal bidra til at nødvendige tiltak er på plass før eventuelle endringar blir sette i verk.
Kva er ein ein-reddarressurs?
Ein ein-reddarressurs er ein ambulansearbeidar eller paramedisinar som rykker ut åleine i ein uttrykningsbil. Ressursen blir sendt ut av AMK og kan gi rask helsehjelp og starte behandling på staden. Uttrykningsbilen er godt utstyrt med medisinsk utstyr, men er ikke utstyrt for å frakte pasientar på båre. Dersom pasienten treng transport til vidare behandling, vil ambulanse bli rekvirert.
Skal ein-reddaren erstatte ambulansen?
Nei, ein ein-reddarbil kan ikkje transportere pasientar og vil derfor ikkje ivareta alle funksjonane til ein ordinær ambulanse. Ein ein-reddarbil kan imidlertid rykke ut, gjennomføre pasientvurdering, starte nødvendig behandling og bidra til avklaring av vidare oppfølging, medan transport ved behov vil bli utført av næraste tilgjengelege transportambulanse.
Kor lang tid tar det før hjelpa kjem?
Ein-reddarressursen blir stasjonert lokalt, og vil rykke ut på akuttoppdrag slik ambulansen gjer i dag. Oppdrag som ikkje er er akutt, er som i dag legevakta sitt ansvar. Ein-reddaren vil ha nødvendig medisinskteknisk utstyr til å setje i gong med behandling. Om pasienten treng transport, kjem ein ambulanse frå ein anna stasjoner, eventuelt ambulansebåt eller luftambulanse. Responstider for kvart område blir vurdert nærare i dei lokale ROS-analysene, som du finn på denne sida.
Kva skjer om næraste ambulanse er opptatt?
AMK styrer alle ambulansene i fylket som ein flåte, og sender den ressursen som kan kome raskast fram. Dei flytter også på ambulanseressursar om ein ambulanse er på eit transportoppdrag for å sikre ein best mogleg totalberedskap. Ved samtidige hendingar kan det ta lenger tid før transport kjem. Korleis samtidige hendingar påverkar beredskapen i kvart nærområde, er ein viktig del av dei lokale risikovurderingene som blir gjort.
Korleis blir pasientar som treng ambulanse, frakta?
Pasientar som treng ambulanse, skal få ambulanse. Det er lege eller AMK som vurderer kva transport som er medisinsk forsvarleg. For kommunane som får ein-reddarressurs vil transporten i større grad bli gjort av ambulanser frå andre stasjonar. Ein-reddarressursen vil ha tilgang til medisinskteknisk utstyr for å setje i gong med behandling ute på staden.
Skal brannvesenet ta over oppgåva til ambulansen?
Nei. Brannvesenet skal ikkje erstatte ambulansen eller frakte pasientar. Mange stader rykker brannvesenet ut som akutthjelparar ved akutt sjukdom og skade, saman med ambulansen. Det er eit samarbeid som har vore viktig for tryggleiken i lokalsamfunna. Ansvaret for ambulansetjenesten ligger hos HMR, og det endres ikke av at det innføres ein-reddar. Brannvesenet kan hjelpe til, men det er frivillig. HMR kan ikke instruere brannvesenet, og brannvesenet skal ikke regnes som en erstatning for ambulanse.
Kva er akutthjelperordninga?
Akutthjelparordninga er ei organisert beredskapsordning der lokale ressursar med opplæring i livreddande førstehjelp blir varsla samtidig med ambulansen ved alvorlege akutte hendingar. Målet er å sikre rask hjelp til pasienten medan ambulansen er på veg. Akutthjelparane erstattar ikkje ambulansen men kan starte førstehjelp og observasjon fram til ambulanse eller lege tek over. Det er ikkje etablert nokon formell avtale om akutthjelparordning mellom HMR og kommunane i Møre og Romsdal. Samstundes har dei fleste branndistrikta inngått opplæringsavtale med Stiftelsen Norsk Luftambulanse som sørger for grunnopplæring og vedlikehaldstrening. AMK varslar rutinemessig 110 ved akutte hendingar der det kan tenkast at brannvesenet er næraste ressurs ved akutt sjukdom eller skade. Brannsjefen kan beslutte uttrykning eller ikkje. AMK varslar også rutinemessig politiet med førespurnad om bistand, eksempelvis ved hjartestans i offentlig rom.
Kva skjer hvis Midsund brannvesen trekkar seg ut av akutthjelparordninga?
Ein-reddaren vil vere tilgjengeleg for å setje i gong med helsehjelp. AMK vil framleis varsle 110 om det trengs hjelp ved akutt sjukdom og skade, og brannsjefen kan framleis beslutte å rykke ut. Men utan ein avtale er det ikkje lenger en fast ordning med lokale akutthjelparar i Midsund. HMR meiner det svekker den samla beredskapen, og vi ønsker dialog med kommunen før ei slik endring gjerast.
Korleis skal ein-redderressursen samarbeide med lokale ressursar?
Ein-redderressursen blir stasjonert lokalt heile døgnet. Det betyr at når ambulansen er ute på oppdrag, vil det vere ein akuttmedisinsk ressurs til stades i området heile tida. Ressursen vil vere tilgjengelig for andre kommunale instansar og nødetatar. Korleis samarbeidet konkret skal organiserast på best mogleg måte, er eit sentralt punkt som blir adressert i dei lokale risikovurderingane.
Forsvinn ambulansetenesten heilt frå Midsund?
Nei. Midsund får fortsatt ambulansetjeneste, men ambulansen rykker ut fra en annen stasjon. I tillegg vil det vere ein ein-reddarressurs til stades heile døgnet.
Kvifor blei ROS-analysen gjort etter at styret vedtok endringa?
Det blei gjort ei overordna ROS-analyse før styret vedtok endringa. Sjå styresaka her som inkluderer ROS-analysen. Dei lokale ROS-analysene skal avklare korleis endringa kan bli gjennomført i kvart område, og kva tiltak som må vere på plass. Difor blei den satt som vilkår for gjennomføringa.
Kvifor er det valt å anskaffe bilar før dei lokale ROS-analysene er ferdig?
Bilane trengs uansett kva risikoreduserande tiltak som blir iverksett, og ein anskaffelse tar tid. Valet av bil avgjer ikkje kva rolle ein-reddarressursen får.
Har kommunane vore involvert?
Ja, kommunane hadde representantar med i arbeidsgruppa, samt at rapporten var på høyring i alle kommunane. Det har også vore møter med regionråda og med dei berørte kommunane. Sjå også oversikt over møtepunkt og medverknad her. Vi har invitert kommunane til å delta i dei lokale ROS-analysane.
Følgjer dere Stortinget sitt vedtak om å involvere kommunane?
Stortinget bad i vedtak 13 (2026–2027) 6. oktober 2026 regjeringa sørge for at kommunane det gjeld blir involverte i prosessar som kan gi endringar i ambulansetenesta, og at endringane blir vurderte opp mot responstid og lokal beredskap, er fagleg vurderte av helseføretaka og tek vare på pasienttryggleiken. Administrerande direktør vurderer at prosessen i sak 74/26 tek omsyn til dette. Kommunane var representerte i arbeidsgruppa, rapporten var på høyring hos kommunane, og det er halde fleire dialogmøte både i forkant og etter saka blei lagt fram. Sjå oversikt over møtepunkt her. Styret har i tillegg sett vilkår om at kompenserande tiltak skal vere etablerte, og at kvart tiltak skal risikovurderast og drøftast lokalt før gjennomføring. Fleire kommunar meiner likevel at involveringa og utgreiinga ikkje har vore god nok.
Blir ikkje kostnaden no flytta over på kommunane?
Nei, det er ikkje meininga. Ambulansetenesta er spesialisthelsetenesta sitt ansvar, og det ansvaret ligg fast. Akutthjelparordningar og andre kommunale ressursar skal ikkje erstatte ambulansen.
Einreddaren er kvalifisert helsepersonell frå ambulansetenesta som er fast stasjonert lokalt. Ressursen blir ikkje trekt ut av området når andre bilar er på oppdrag. Det betyr at folk i Geiranger, på Harøy og i Midsund får ein fagperson raskt på staden, som kan vurdere pasienten og starte behandling medan transporten er på veg.
Vi skal ikkje underslå at endringar i ambulansetenesta kan påverke kommunale tenester. Akuttberedskapen heng saman: ambulanse, legevakt og andre lokale tenester verkar på kvarandre. Difor har styret bestemt at kvart tiltak skal risikovurderast og drøftast lokalt, saman med kommunane, før det blir sett i verk. Og kompenserande tiltak skal vere på plass først.
Kan vedtaket bli endra?
Styret har gjort vedtaket og vedtaket gjeld. Styret har bedt om å bli orientert om status i arbeidet og om resultata frå dei lokale ROS-analysene.
Kven har ansvaret for at beredskapen er forsvarleg?
Helse Møre og Romsdal har ansvar for ambulansetenesta, og styret har ansvart for å følgje opp at vedtak som blir gjennomført er forsvarleg. Kommunane har ansvaret for legevakttesnesta. Og begge deler må fungere for at innbyggjarane skal få ha god akuttberedskap.
Er ikkje akuttberedskap helseføretaket sitt ansvar aleine?
Nei. Akuttberedskapen er eit delt ansvar. Helseføretaket har ansvaret for ambulansetenesta, AMK og andre akuttmedisinske spesialisthelsetenester. Kommunen har ansvaret for legevakt og andre kommunale helsetenester. Når ein av partene gjer endringer som påverker beredskapen, bør den andre parten bli involvert. Det gjeld begge veger.
