Akutt psykisk helsevern SNR

Akutt psykisk helsevern SNR har 10 døgnplassar og gir ø-hjelp til vaksne over 18 år med akutte psykiske problem og behov for døgnopphald.

Målet med opphaldet er å stabilisere og betre den psykiske helsa til pasienten og kartlegge vidare behandlingsbehov. Det blir laga individuelle behandlingsplanar som inkluderer samtale med behandlar og miljøterapeutar, somatisk undersøking, vurdering av medikamentell behandling og iverksetting av andre miljøterapeutiske tiltak.  

Tverrfagleg team 

Behandlingsteamet vårt er tverrfagleg og består av overlege, psykologspesialist, lege i spesialisering og miljøpersonell med ulik helsefagleg utdanning - som for eksempel sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar.  

Tilvising 

Når ein blir innlagt hos oss skjer det som regel gjennom legevakt, fastlege eller ambulant akutt-team. Det er vår plikt å vurdere alle pasientar som blir tilvist til oss, og då vurderer vi om det er behov for akutt behandling eller behandling ved ein annan instans.  

Kortvarig opphald 

Nokre pasientar blir ferdig behandla i vår seksjon, mens andre treng eit lengre opphald. Ved behov for eit lengre opphald kan det skje ved ein annan avdeling i Helse Møre og Romsdal eller i kommunehelsetenesta. Lengda på opphaldet ved akutt psykisk helsevern bør vere kortvarig eller så lenge ein har indikasjon for akutt behandling.  

Samarbeid og besøk 

Vi ønsker eit godt samarbeid med pårørande og oppfølgande instansar. Vi har eigen barneansvarleg som har fokus på barn som pårørande.  

Besøk avtaler du på førehand. Vi vurderer besøk ut i frå tilstanden til pasienten.  

Avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal 

Akutt psykisk helsevern SNR er ein av fem sjukehusseksjonar i Avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal. 

Kontakt

Telefon

Sentralbord Nordmøre og Romsdal

71120000

Ved akutte situasjonar, ring 113

113
Via nødtelefon 113 tar AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) imot hastemeldingar ved akutt sjukdom og skade.

Slik finn du fram

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 2b

6450 Hjelset

Praktisk informasjon

Besøkstid 08.00-21.00. ​Ta kontakt med oss for å avtale eit besøk.