Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Allmenn- og alderspsykiatri SNR

Allmenn– og alderspsykiatri SNR består av ein døgnseksjon og ein poliklinikk. Vi tilbyr i hovudsak utgreiing og behandling til personar med psykiatriske sjukdomar/tilstandar. Dette kan vere angst, stemningslidingar, akutt forvirring/delir, kognitiv svikt og demens med psykiatriske tilleggssymptom.

“Utredning/kartlegging handler om å forsøke å sette seg inn i en persons livssituasjon, ressurser, ønsker/behov og lidelses(ut)trykk, med intensjon om å få et bedre grunnlag (samarbeid, tiltak, mål) for hvordan hjelpeapparatet, samtidig og sammen, kan bidra i økning av livskvalitet.
Hva dette innebærer helt konkret, vil avhenge av kontekst, formål og arbeidsvilkår.” 

Våre hovudoppgåver er: 

  • Utgreiing og kartlegging 
  • Behandling 
  • Undervisning, opplæring og rettleiing til pasientar, pårørande og helsepersonell
  • Forsking og utvikling 

Tilvising 

Tilvising frå fastlege, tilsynslege eller lege i Helse Møre og Romsdal. 

Allmenn- og Alderspsykiatri SNR
- med alderspsykiatrisk poliklinikk

Vi har 9 sengeplassar inkludert 2 intensivplassar, men ingen akuttfunksjon.
- 5 senger er for pasientar med alderspsykiatriske problemstillingar.
- 4 senger for pasientar med alvorlege spiseforstyrringar og psykiatriske sjukdomar/tilstandar som alvorleg depresjon.


Utgreiing, behandling og diagnostisering 

Vi tilbyr utgreiing, behandling og diagnostisering av stemningsvanskar, alvorleg spiseforstyrring, psykiatriske sjukdomar/tilstandar som alvorleg depresjon, kognitiv svikt og demens med psykiatriske tilleggssymptom. I tillegg til andre psykiatriske sjukdomar/tilstandar som angst, eller forvirring/delir.

Vi prøver alltid å tilby eit individuelt behandlingstilbod. Dette skjer gjennom systematisk kartlegging og utprøving av miljøtiltak. Det blir gjort ei heilskapleg vurdering av pasienten sitt behov for medikamentell behandling og/eller ECT. 

Fast kontaktperson 

Alle pasientar får ein fast behandlar, primær- og sekundærkontakt under opphaldet. Kontaktpersonen har samtale med pasienten ved innkomst, i løpet av behandlingstida og ved planlegging av utskriving. Dette er også kontakta opp mot næraste pårørande og kommunehelsetenesta. 

Oppfølging etter utskriving 

Dersom det er behov kan pasienten få vidare oppfølging frå vår poliklinikk etter utskriving frå oss. 

Alderspsykiatrisk poliklinikk 

Vi tek imot pasientar til ordinær konsultasjon eller utvida dagutgreiing på sjukehuset. I tillegg har vi ambulant team som reiser ut til kommunane og møter pasienten heime, på eit møterom eller ved ein institusjon. Vi har faste samarbeidsdagar kvar 6. veke i dei fleste kommunar. Vi samarbeider tett med kommunalt hjelpeapparat. 

Våre polikliniske team består vanlegvis av to fagpersonar. 

Poliklinisk vurdering 

Ved dagutgreiing utfører vi somatisk undersøking på poliklinikken. Elles blir somatisk undersøking vanlegvis gjennomført av fastlegen. 

Tema vi ofte går i gjennom: 

  • Aktuell problemstilling, vurdering og behov (generell og spesifikk info frå tilvisinga). 
  • Pasienten sin oppvekst og livshistorie. 
  • Sjukehistorie. 
  • Medisinar. 
  • Kognitive testar. 
  • Kartlegging av funksjonsnivå. 
  • Anna kartlegging som for eksempel psykiatriske symptom. 
  • Opplysningar frå nærpersonar (komparent pplysningar). 
  • Individuell vurdering av behov for vidare oppfølgning. 

Faggrupper ved seksjonen 

Våre faggrupper: 

  • Alderspsykiater/psykiater 
  • Lege 
  • Psykolog 
  • Sjukepleiar 
  • Fysioterapeut
  • Ergoterapeut 
  • Vernepleiar 
  • Hjelpepleiar 
  • Helsefagarbeidar 
  • Klinisk farmasøyt 
  • Helsesekretær 

Mange av våre tilsette har spesialisering innan psykisk helsevern og geriatri. 

Omvising i psykiatri- og habiliteringsbygget ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Det nye psykiatri- og habiliteringsbygget ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal opna 8. oktober 2024. Her får du ei omvising i det nye bygget.
Sjå video og bildeserie frå psykiatri- og habiliteringsbygget
Fasade psykiatri- og habiliteringsbygget, vist frå atriumhagen.

Kontakt

Ekspedisjon psykiatri- og habiliteringsbygget SNR

Slik finn du fram

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Praktisk informasjon

Måndag - fredag:   16.00 - 19.00
Laurdag - søndag: 11.00-14.00 og 16.00-19.00