Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og unge (PHBU)
Vi har totalt 10 sengeplassar, 8 for akutt hjelp og 2 intermediære (midlertidige) plassar. Døgnposten er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Aldersgruppa er 12 – 18 år, men det hender også at innleggingar av yngre barn er nødvendig. Vi har også ei leilegheit som kan brukast når foreldre/pårørande bør vere med.
På døgnposten tar vi imot pasientar med psykiske lidingar både til frivillig innlegging og tvungent psykisk helsevern (§2.1 og §3.2 og 3.3 i Psykisk helsevernlova). Vi tek imot pasientar med ulike diagnosar. Behandlinga er individuelt retta, der kvar enkelt sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlar (lege/psykolog).
Seksjonsleiar: Beate Olsbø Nilsen
Akutt hjelp
Fastlegar, legevaktslegar, behandlarar ved poliklinikk/BUP Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund er dei som kan tilvise. Problemstillingane er akutt psykiske tilstandar hos barn og unge der innlegging vurderast som nødvendig.
Planlagt innlegging
Behandlarar på poliklinikken/BUP i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund kan sende tilvising til oss. Desse planlagde opphalda føreset at ungdomane er heime på permisjon i helgane.
UPA-skule
Vi har eige skuletilbod til dei som er innlagd. Skulen har eit eige bygg som ligg like ved avdelinga. Lærarane der er knytt til utdanningsavdelinga i fylkeskommunen, og elevane ved skulen har same rettar som alle andre elevar.
Geilebergvegen 18, 6017 Ålesund. Avdelinga ligg ca 500 meter aust for sjukehuset. Sjå punkt 15 i Kart og parkering. Innkøyring til Geilebergvegen anten frå Borgundvegen (nord) eller Borgundfjordvegen (sør).
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Vi har ikkje faste besøkstider. Dersom du ønsker besøk, kan du avtale dette med personalet på førehand. Dykk kan saman finne ut kor lenge det skal vare.
Foreldre/føresette kan vere med og éin kan som regel overnatte. Søsken og andre i familien kan kome i spesielle tilfelle. Dette kan du avtale på sengeposten.
Hos oss er det selvbetjent kantine, hvor pasientene kan spise når de selv ønsker det og velge mellom ulike alternativ. De som ikke selv kan hente seg mat får hjelp til dette
Når du kjem hit med bagasje vil to miljøterapeutar gå gjennom den saman med deg. Det er fordi vi må passe på at det ikkje er gjenstandar i avdelinga som nokon kan skade seg på. Foreldre/ føresette kan gjerne vere med.
Når du er på døgfnposten ønskjer vi at merksemda skal vere retta mot å arbeide med seg sjølv og si betring. Difor har vi avgrensa telefon-bruken. Mobiltelefon og data skal som regel oppbevarast på ditt rom, men blir teke hand om av personalet i tidsrommet frå kl 22.30 og fram til neste morgon.
Ein kan ikkje ta bilete av andre pasientar eller personalet, eller vere på facetime når andre er tilstades.
Alle under 18 år må ha skiriftleg løyve frå foresatt for å kunne røyke/snuse.
Ålesund sjukehus er røykfritt. Du må difor utanfor sjukehusområdet om du skal røyke
Du eller dine næraste har rett til å klage dersom dykk meiner at den hjelpa du får er feil eller ikkje er god nok. Personalet er pliktig til å hjelpe til med klagen, så du må gjerne ta kontakt. Det er to måtar å klage på:
Kontrollkommisjonen: Alle sjukehus ha ein kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med at pasientane har det bra under innlegging. Dei har eit spesielt ansvar for den som er innlagt utan samtykke. Kommisjonen kjem jamnleg på besøk til døgnseksjonen og du kan sjølv ta kontakt ved behov.
Fylkeslegen/Statsforvalteren: Behandlar klager som gjeld alle sider ved helsehjelpa. Oppgåva til fylkeslegen/statsforvalteren er å føre tilsyn med at alle lover og reglar blir fulgt for helseinstitu-sjonar og helsepersonell i fylket, og at hjelpa er forsvarleg.