Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og unge (PHBU)

Vi har totalt 10 sengeplassar, 8 for akutt hjelp og 2 intermediære (midlertidige) plassar. Døgnposten er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Aldersgruppa er 12 – 18 år, men det hender også at innleggingar av yngre barn er nødvendig. Vi har også ei leilegheit som kan brukast når foreldre/pårørande bør vere med.

På døgnposten tar vi imot pasientar med psykiske lidingar både til frivillig innlegging og tvungent psykisk helsevern (§2.1 og §3.2 og 3.3 i Psykisk helsevernlova). Vi tek imot pasientar med ulike diagnosar. Behandlinga er individuelt retta, der kvar enkelt sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlar (lege/psykolog). 

 

Seksjonsleiar: Beate Olsbø Nilsen

Akutt hjelp

Fastlegar, legevaktslegar, behandlarar ved poliklinikk/BUP Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund er dei som kan tilvise. Problemstillingane er akutt psykiske tilstandar hos barn og unge der innlegging vurderast som nødvendig. 

Planlagt innlegging

Behandlarar på poliklinikken/BUP i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund kan sende tilvising til oss. Desse planlagde opphalda føreset at ungdomane er heime på permisjon i helgane.

Pårørande

Barn og unge har rett til å ha pårørande hos seg når dei er innlagt på sjukehus.  Éin pårørende kan overnatte og bur da anten på rommet til ungdommen, i vår familieleilighet eller ved pasienthotellet. 

UPA-skule

Vi har eige skuletilbod til dei som er innlagd. Skulen har eit eige bygg som ligg like ved avdelinga. Lærarane der er knytt til utdanningsavdelinga i fylkeskommunen, og elevane ved skulen har same rettar som alle andre elevar.

Kontakt

Seksjonen direkte

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

Døgnseksjon PHBU

Postboks 1600

6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Geilebergvegen 18, 6017 Ålesund.
Avdelinga ligg ca 500 meter aust for sjukehuset. Sjå punkt 15 i Kart og parkering.
Innkøyring til Geilebergvegen anten frå Borgundvegen (nord) eller Borgundfjordvegen (sør).

En bygning med trær foran seg og en vannmasse på baksiden

Geilebergvegen 18

Geilebergvegen 18, Ålesund.

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Du finn parkering for besøkande på nedsida av døgnseksjonen. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

 

Kart over BUP Ålesund som viser parkeringsområde rundt bygget. Besøkandeparkering med betalingsplassar er markert med grønt langs sørsida. HC-parkering er markert med grønt og rullestolsymbol ved begge inngangsområda.

Illustrasjon: Mazemap

Besøkandeparkering med betalingsplassar er markert med grønt langs sørsida. HC-parkering er markert med grønt og rullestolsymbol ved begge inngangsområda.

 

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du eller dine næraste har rett til å klage dersom dykk meiner at den hjelpa du får er feil eller ikkje er god nok. Personalet er pliktig til å hjelpe til med klagen, så du må gjerne ta kontakt. Det er to måtar å klage på:

  1. Kontrollkommisjonen: Alle sjukehus har ein kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med at pasientane har det bra under innlegging. Dei har eit spesielt ansvar for den som er innlagt utan samtykke. Kommisjonen kjem jamnleg på besøk til døgnseksjonen og du kan sjølv ta kontakt ved behov.
  2. Fylkeslegen/Statsforvalteren: Behandlar klager som gjeld alle sider ved helsehjelpa. Oppgåva til fylkeslegen/statsforvalteren er å føre tilsyn med at alle lover og reglar blir fulgt for helseinstitusjonar og helsepersonell i fylket, og at hjelpa er forsvarleg.

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Måltid

Frukost: 08:00 – 08:30
Lunsj: 11:30 – 12:00
Middag: 15:30 – 16:00
Kvelds: 20:00 – 20:30

Som hovudregel har vi fellesmåltid på stova, og det vil alltid vere ein vaksen som sitt ved bordet. Det blir avtalt individuelt om du har andre behov. Maten vi serverer kjem frå hovud-kjøkkenet vårt. Vi har dessverre ikkje moglegheit til å oppbevare privat mat i kjøleskapet vårt.

Bagasjegjennomgang

Vi har rutinemessig gjennomgang av bagasje ved innkomst og etter permisjonar. Om du motset deg dette, kan du ikkje ha bagasjen din på rommet ditt. Vi ønskjer at du er til stades når vi går gjennom bagasjen din.

Pasientrom

Pasientrommet skal vere ein stad kordu kan trekkje deg tilbake og ikkje bli forstyrra av andre pasientar. Besøk av medpasientar på pasientrommet er ikkje lov, men du kan nytte fellesarealet om du vil vere sosial.

Besøk

Du har moglegheit til å ha besøk av familie og nære vener når du er innlagd. Her er ikkje faste besøkstider, men du kan gjere avtale saman med dei som jobbar her, og ein avtaler også då kvar på posten besøket kan gjennomførast.

Mobiltelefon

Du kan ha med deg mobiltelefonen din hit. Denne kan brukast på pasientrommet, men ikkje i fellesarealet. For at du skal få mest mogleg kvile og søvn, vil vi at du leverer inn mobiltelefonen din til personalet når du skal leggje deg. Vi oppmodar også til redusert bruk av mobiltelefon og pc/nettbrett under innlegging, slik at du betre kan nyttiggjere deg det miljøterapeutiske tilbodet vi gir. Det er ikkje tillat at du tek bilete, video eller lydopptak av andre.

Røyking

Ålesund sjukehus er røykfritt. Her er lov å røykje på tilviste plassar, men sidan du er under 18 år må du ha løyve frå foreldra dine. Dette gjeld også ved bruk av snus. Sigarettar og lighter/fyrstikker blir oppbevarte av dei som jobbar her, og du får det utlevert når du skal røykje. Siste røyken må takast før klokka 21:30. Det er ikkje tillate med e-sigarettar/vape når du er innlagd.

Rusmiddel

Det er ikkje tillate å ta med eller bruke rusmiddel under opphaldet. Vi tilrår heller ikkje inntak av energidrikk av helsegrunnar.

Utskriving

Utskriving skjer i all hovudsak på dagtid etter vurdering av faste behandlarar i vekedagar/bakvakt på helg