Ungdom ser mot havet

Eit kart over tenestene for barn og unge

Barn og unges helseteneste

Satsinga barn og unges helseteneste består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og skal gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.

Vi treng å høyre til

Barn og unges helseteneste har laga video om psykisk helse. 

I 2021 starta Helse Møre og Romsdal samarbeidsprosjektet Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, eit samarbeid mellom dei 26 kommunane i Møre og Romsdal og Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal. Det blei jobba med ei kartlegging opp mot forløp som Helse Fonna hadde utarbeida for å sjå om «kart og terreng» stemde hos oss. Desse forløpa er blitt revidert mellom anna etter innspel fra Møre og Romsdal og nye nasjonale føringar.

I løpet av 2023 skal vi implementere og bruke forløpa i tenestene rundt barn og ungdom med psykiske helseutfordringar. Vi tilstreber allereie no å jobbe etter forløpa, sjølv om ikkje alt er på plass og det kan vere lokale forskjellar. Målet er felles, å ha ein samanhengede teneste rundt barn og ungdom med psykiske helseutfordringar.

Verktøyet er først og fremst laga for at fagfolk skal klare å gi barn og ungdom eit samanhengande hjelpetilbod, men du finn også informasjon for barn, ungdom og føresette om kor ein kan få hjelp. 

​​

Kommunane i fylket og Helse Møre og Romsdal jobbar for å ferdigstille verktøyet for dei sju samhandlingsforløpa innan dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og ungdom. Desse har no vore til høyring med høyringsfrist 25. september 2023. Det kom mange nyttige tilbakemeldingar som skal innarbeidast i forløpa. ​

Kor kan eg få hjelp?

Får du tidleg hjelp er sjansen større for at du raskare vert betre. Ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen, psykisk helsehjelp i kommunen du bur i eller fastlegen din - dei kan hjelpe deg.
Les meir om korleis du kan få hjelp
Nokon å snakke med

Råd til føresette

Kva med deg som er forelder eller føresett?
Les om kvar du som føresett kan få hjelp og råd
Illustrasjonsbilete

Om barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal

Dei som treng hjelp og dei som skal hjelpe born og unge må forstå dei ulike tenestene og deira rolle og ansvar. Slik kan vi skape eit betre hjelpetilbod.
Les om barn og unges helseteneste
Barn og unges helseteneste

Arrangement

Her finn du informasjon om komande arrangement og samlingar knytt til barn og unges helseteneste. Du vil også finne presentasjonar eller videoar frå gjennomførte arrangement.
Les meir om kva som skjer i barn og unges helseteneste
Personar på workshop

Nyheiter om barn og unge

  • 14. november 2023
    Aukar kompetansen om ADHD og andre nevroutviklingsforstyrringar

    Ei ny nettside skal auke kompetansen om ADHD og andre nevroutviklingsforstyrringar, som autisme og Tourettes syndrom.

  • 14. november 2023
    Ny nasjonal rettleiar - psykisk helsearbeid barn og unge

    – Denne kan hjelpe oss til å sikre koordinerte tenester rundt barn og ungdom, i tråd med målsettinga for Barn og unges helseteneste, seier prosjektkoordinator Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, Toril Kvisvik.

  • 13. juni 2023
    Nyttig samarbeid rundt barn og unge og psykisk helse i Møre og Romsdal

    Kommunane i fylket og Helse Møre og Romsdal ferdigstiller no verktøyet for dei sju samhandlingsforløpa innan dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og ungdom og desse skal implementerast i løpet av året.

Sist oppdatert 11.08.2023