Barn og unges helseteneste
Workshop for brukarar og pårørande
Har du lyst å vere med og påvirke framtidas helseteneste for born og unge i Møre og Romsdal? Bli med på workshop onsdag 1. februar!
![Illustrasjonsbilete barn og unges helseteneste](/4a7f14/contentassets/034aea68224d4efca1b7d3e812937ec1/barn-og-unges-helseteneste1.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Onsdag 1. februar mellom kl. 18.00 - 20.00 vert det digital brukarsamling i arbeidet med Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. Målgruppa er brukarar over 12 år og pårørande.
Workshopen er planlagt av Ungdomsrådet i Helse Møre og Romsdal i samarbeid med Lasse Honningsvåg og prosjektkoordinator for satsinga barn og unges helseteneste, Toril Kvisvik.
Målet med samlinga er å få fram brukarstemma. Kva er viktig for brukarane i det psykiske helsetilbodet for born og unge i fylket vårt? Det vil verte informasjon om satsinga og nokre spørsmål i grupper. Innspel vert tatt med i det vidare arbeidet med satsinga.
Påmeldingfrist 26. januar.
Du vil få tilsendt lenke til workshopen ved å melde deg på til Lasse Honningsvåg via e-post: Lasse.alexander.olsen.honningsvag@helse-mr.no
![Tre ungdommar står og ser ut over eit ruskete hav](/4a7c66/contentassets/034aea68224d4efca1b7d3e812937ec1/1.-barn-og-unges-helseteneste-hovedbilde-3.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)