Barn og unges helseteneste

Workshop for brukarar og pårørande

Har du lyst å vere med og påvirke framtidas helseteneste for born og unge i Møre og Romsdal? Bli med på workshop onsdag 1. februar!

Publisert 05.01.2023
Illustrasjonsbilete barn og unges helseteneste

Onsdag 1. februar mellom kl. 18.00 - 20.00 vert det digital brukarsamling i arbeidet med Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. Målgruppa er brukarar over 12 år og pårørande. 

Workshopen er planlagt av Ungdomsrådet i Helse Møre og Romsdal i samarbeid med Lasse Honningsvåg og prosjektkoordinator for satsinga barn og unges helseteneste, Toril Kvisvik.

Målet med samlinga er å få fram brukarstemma. Kva er viktig for brukarane i det psykiske helsetilbodet for born og unge i fylket vårt? Det vil verte informasjon om satsinga og nokre spørsmål i grupper. Innspel vert tatt med i det vidare arbeidet med satsinga.

Invitasjon workshop 1. feb 23

Påmeldingfrist 26. januar. 

Du vil få tilsendt lenke til workshopen ved å melde deg på til Lasse Honningsvåg via e-post: Lasse.alexander.olsen.honningsvag@helse-mr.no​

Barn og unges helseteneste

Satsinga barn og unges helseteneste består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og skal gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.
Les meir om barn og unges helseteneste
Tre ungdommar står og ser ut over eit ruskete hav