Lansering av barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal
På onsdag 19. januar 2022 frå kl. 1200 lanserast satsinga barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. Oppstarten vert markert gjennom eit webinar for leiarar i ulike tenestener i kommunar, spesialisthelseteneste og brukarorganisasjonar med fleire.
Gjennom barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal skal brukarar av tenestene, fastlegar, fagfolk i kommunale tenester og spesialisthelsetenesten samarbeide om å utvikle samhandlingsforløp for born og unge. Verktøyet som er på veg til å utviklast er delt inn i sju forløp for dei vanlegste psykiske helseplager born og unge kan ha. Forløpa skal skildre dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområder og skal fungere som eit kart over tenestene. Satsinga barn og unges helseteneste handlar om å kunne tydeleggjere ansvarsområder og skape eit betre hjelpetilbod med mål om at born og unge skal få rett hjelp hjå rett teneste og at det vert gitt heilskaplege tilbod.
Du kan lese meir om kva barn og unges helseteneste er på nettsidene til Helse Møre og Romsdal.
toril.kvisvik@helse-mr.no for å motta lenke til webinaret.
Webinaret er eit samarbeid mellom kommuner i Møre og Romsdal, Statsforvalteren, brukarrepresentantar, Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal, KORUS Midt-Norge og Ester Espeset (prosjektleiar barn og unges helseteneste i Helse Fonna).