Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

FACT DPS Ålesund

Seksjonen har to team som gir ambulante tenester i kvar sitt geografiske område. Begge teama har kontor på Digernes næringsområde i Ålesund kommune. Team 1 sitt opptaksområde er Giske kommune, Sula kommune og Ålesund kommune med kommunedelane Hessa, Skarbøvik og Aspøy, Nørvasund og Hatlane, Spjelkavik, Åse og Lerstad og Indre Borgund. Team 2 sitt opptaksområde er Fjord kommune, Haram kommune, Stranda kommune, Sykkylven kommune og Ålesund kommune med kommunedelane Nørvøy, Ellingsøy, Skodje, Ørskog og Sandøy.

Generell informasjon

FACT står for Flexible Assertive Community Treatment som oversett til norsk blir «Fleksibel aktivt oppsøkande behandling». At behandlinga er fleksibel inneber at den kan variere mellom lav- og høgintensiv oppfølging utifrå pasientane sine behov til ei kvar tid. Vi har ei tverrfagleg tilnærming, og det er vanlegvis to behandlarar som deltek i kvar pasientsamtale.

FACT er eit behandlings- og oppfølgingstilbod til personar med alvorleg psykisk liding som møter pasientane der dei lever og bur.

FACT DPS Ålesund er ein del av det distriktspsykiatriske tilbodet i Helse Møre og Romsdal og har tilsette frå spesialisthelsetenesta. Dei ambulante tenestene blir gitt i samarbeid med kommunane, jf. Samarbeidsavtalen, Delavtale 1, pkt. 1.2 f).

Målgruppe

FACT DPS Ålesund har som målgruppe personar som har, eller det er mistanke om, alvorleg og langvarig psykisk liding, anten aleine eller i kombinasjon med skadeleg bruk eller avhengigheit av rusmiddel. I tillegg må det ligge føre ein alvorleg funksjonssvikt.

Målgruppa er personar som har:

  • Alvorleg og omfattande svikt i praktisk og sosial funksjon.
  • Behov for koordinert og langvarig behandling og oppfølging.
  • Vanskar med å nytte andre ordinære tenester.

Vi har følgjande inklusjonskriterium –
Pasientar som:

  1. har alvorleg psykisk liding, ofte med komorbiditet, eller har behov for utgreiing når det føreligg mistanke om alvorleg psykisk liding.
  2. har svikt i praktisk og sosial funksjon.
  3. har langvarig behov for behandling.
  4. har behov for samordna og tverrfagleg tilnærming.
  5. ikkje klarer å nyttiggjere seg ordinær poliklinisk behandling.
  6. har behov for ambulant oppsøkande behandling.
  7. kan vere under tvungent psykisk helsevern (TUD) eller dom til behandling.

Eksklusjonskriterium er –
Pasientar som:

  1. møter til oppsette avtaler og fungerer i ordinær poliklinikk.
  2. klarer å regulere kontakt med hjelpeapparatet sjølv.
  3. har tilstrekkeleg oppfølging frå kommune og/eller anna spesialisthelseteneste.
  4. har primær rusproblematikk utan alvorleg psykisk liding.
  5. har alderspsykiatriske tilstander som skal følgast opp i andre avdelingar.

Tilbod

Behandlinga frå FACT-team blir gitt i tråd med nasjonale faglege retningslinjer. Den omfattar medisinsk, sjukepleiefagleg og psykologisk behandling, kunnskapsformidling, samt behandling av samtidig rusliding.

Tilbodet omfattar tre prosessar pasientane kan vere i:

  1. Stabilisering med tett oppfølging av den enkelte.
  2. Behandling med målretta tiltak, kartlegging og diagnostisering. Målet er å betre pasienten sin funksjon og redusere symptoma.
  3. Betring handlar om å støtte pasienten sin betringsprosess der han eller ho formulerer eigne mål og tiltak. Desse blir tydeleggjort i ein behandlingsplan. Vi tilbyr eit program for Individuell meistring og tilfriskning (IMR) som legg vekt på å styrke pasienten sine eigne ressursar og oppnå meistring, livskvalitet og håp.

Behandlingstilbodet i FACT blir gitt samtidig som pasienten får kommunale tenester. Dette krev tett samarbeid og god koordinering.

Korleis søke?

Fastlege kan søke, og dersom andre kommunale tenester søker, må fastlege vere involvert. Andre einingar i spesialisthelsetenesta kan også søke.

Søknad skal sendast elektronisk til:
Henvisning Psykisk helsevern voksne – Voksenpsykiatrisk avdeling

Eller i vanleg post til: 

Helse Møre og Romsdal HF
Psykiatrisk poliklinikk DPS Ålesund
Postboks 1600
6026 Ålesund

Opningstid

Opningstida er kvardagar mellom kl 08.00 og 15.30. 
 

Eigendel

Pasientar som får ambulant behandling må betale ein eigendel som svarer til polikliniske satsar. Eigendelen blir rekna inn i grunnlaget for frikort.

Unntaksvis kan staten dekke eigendelen.

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF, FACT DPS Ålesund, Digernes næringsområde 9, 6260 Skodje

Slik finn du fram

Oppmøtestad



Digernes

Digernes næringsområde 9