Rehabilitering psykisk helse Hjelset

Seksjon for rehabilitering har ni allmennpsykiatriske rehabiliteringsplassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Inntak av pasientar gjeld både frivilleg og tvungent psykisk helsevern.

Vi har behandlings- og rehabiliteringsansvar for pasientar med behov for lukka rehabilitering. Dei fleste pasientane har psykoselidingar. Når det gjelde utgreiing, behandling og oppfølging av denne pasientgruppa ligg Helsedirektoratets Nasjonalfaglige retningslinjer, IS-1957, til grunn gjennom heile behandlingsprosessen.

Psykose og rus

Personar med psykose problematikk og samtidig rusliding er til tider til behandling hos oss. Til grunn for behandlinga ligg Helsedirektoratets Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse, IS-1948. Vårt behandlingsfokus er meir retta mot den psykiske lidinga enn på behandling av samtidig rusliding. Vi prøver å bidra til at denne pasientgruppa får auka motivasjon til å ta imot rusbehandling og det blir difor gjennomført motiverande intervju/samtale (MI). Her handlar den motiverande samtalen om å prøve å fremje innsikt i at fortsatt rusmisbruk er eit hinder for å nå eigne mål. Når pasienten fullt ut aksepterer at fortsatt rusmisbruk er eit hinder for seg så vil dette kunne skape motivasjon til å jobbe med rusmisbruket/ta imot rusbehandling. Døgnseksjonen er merksam på Helsedirektoratets rapport, IS-1914: Kvalitet og kompetanse – om hvordan tjenestene til mennesker med psykiske lidelser og rusproblemer kan bli bedre.

Vurdering av risiko for valdeleg atferd

Vi har real- og reell kompetanse når det gjeld valdsrisikovurdering, jfr. mellom anna Sosial- og helsedirektoratets rundskriv IS-9/2007: Vurdering av risiko for voldelig atferd - bruk av strukturerte kliniske verktøy.

Individuelt tilpassa teneste

Vi tilbyr diagnostiske utgreiingar og behandling basert på kvar enkelt pasient sin uttrykte problematikk og opplevde liding. Eitt av måla vi har er å gi pasientane så stort, eige handlingsrom som mogleg i tillegg til medverknad i eigen behandlingsprosess - i tillegg til at liv og helse blir ivaretatt. Vår miljøterapeutiske grunnstruktur følgjer, i tillegg til Helsedirektoratets IS-1957 om sjukehusmiljøet og miljøterapien sin verdi, forskningsbaserte behandlingsprinsipp som blir individualisert/tilpassa den som kan ha nytte av det. I samarbeid med deg utformar vi ein miljøterapi der du i størst mogleg grad tar ansvar for eige liv ut frå di oppleving av behov for endring. Brukarmedverknad er difor, så langt det let seg gjere, eit sentralt aspekt i behandlinga, jfr. Sosial- og helsedirektoratets rapport IS-1315: Brukermedvirkning - psykisk helsefeltet. Mål, anbefalinger og tiltak i Opptrappingsplanen for psykisk helse. Relasjonsbygging, gyldiggjering gjennom bekreftande kommunikasjon, samarbeid som støttar håp om betre helse og funksjon, planskriving, informasjon og tryggleik er nokre, sentrale aspekt gjennom behandlingsprosessen. Miljøterapien er utadretta og der er tett samarbeid med DPS og heimkommunen din i tråd med Samhandlingsreformen sine tilrådingar.

Vi har eit klart fokus og aktivt arbeid for born som pårørande, pasientane sine vaksne familiemedlemmer og det øvrige nettverket, spesielt gjennom barneansvarleg og familie- og nettverksgruppa.

Innleggelse ved seksjonen skjer etter søknad eller tilvising frå

  • Fastlegen
  • Psykiatritenesta i kommunen du bor i
  • Psykiatriske poliklinikkar i helseføretaket
  • Sjukehusseksjonar i helseføretaket
  • Ambulante akutteam, ambulant rehabiliteringsteam og ACT-team i helseføretaket

Om oss

Seksjon for rehabilitering, døgnseksjonen, blei oppretta i januar 2009.
Vi har eit samansett tverrfagleg miljø: Overlege, lege i spesialisering, psykologspesialist, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, fagutviklingskoordinator dei fleste med tilleggsutdanning i psykisk helsevern og psykiatriske hjelpepleiarar.

Vi har behandlings- og rehabiliteringsansvar for pasientar frå vårt geografiske område (Nordmøre og Romsdal). Vi jobber systematisk og planlagt i tett samarbeid med kommunen der du bur. Vi har sengepost og poliklinikk.

Vi tar imot pasientar som er under både frivilleg og tvungent psykisk helsevern. Totalt har vi 9 døgnplassar.

Kontakt

Telefon

Forløpskoordinator pakkeforløp

71 21 73 50

Postadresse

Helse Møre og Romsdal
Rehabilitering psykisk helse, Hjelset
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Opdølvegen
Paviljongbygg A

En stor bygning med trær foran seg

Hjelset

Opdølvegen