Sikkerheitspsykiatri SNR

Sikkerheitspsykiatri SNR er ein døgnpost i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Vår oppgåve er mellom anna observasjon og behandling, varetektssurrogat (varetekt på annan stad enn fengsel) og gjennomføring av dom til tvungent psykisk helsevern.

Vi behandlar pasientar med valds- og aggresjonsproblematikk. Ofte har desse personane rusutfordring, personlegdomsforstyrring og psykoseproblematikk. Vi har ei tverrfagleg personalgruppe med brei erfaring som jobbar spesielt med desse pasientane. 

Vi har brei kompetanse innan risikovurdering og -handtering, rus, psykiatri, rehabilitering, psykososial behandling og miljøterapi. Fysisk aktivitet er også er viktig del av vårt tilbod. 

Vurdering av risiko for valdeleg åtferd 

Vi vurderer valdsrisiko og bruker klinisk strukturerte verktøy som er anbefalte av Helsedirektoratet. 

Tilvising 

Pasientar som skal gjennomføre sin dom til tvungent psykisk helsevern blir tatt inn via nasjonal koordineringseining. Andre einingar i spesialisthelsetenesta, som for eksempel Akutt psykisk helsevern eller ein annan sikkerheitspost kan også sende tilvising til oss. 

Faggrupper ved sikkerheitspsykiatri SNR 

Vi har eit samansett tverrfagleg miljø:  

  • Overlege 
  • Lege i spesialisering 
  • Psykologspesialist 
  • Sjukepleiar 
  • Vernepleiar 
  • Sosionom 
  • Helsefagarbeidar ++ 

Vi jobbar systematisk og planlagt i tett samarbeid med kommunen der pasienten bur.  

Regional sikkerheitsavdeling ved St.Olavs hospital er ein viktig samarbeidspart. Her er også kompetansesenteret for sikkerheits- fengsels- og rettspsykiatri.  

Aktuelt lovverk 

  • Observasjon og behandling av pasientar etter psykisk helsevernloven §§ 3-2 og 3-3.
  • Varetektssurrogat etter straffeprossessloven § 188.
  • Gjennomføring av dom til tvungent psykisk helsevern etter psykisk helsevernloven § 5-2

Kontakt

Sentralbord Nordmøre og Romsdal

Slik finn du fram

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 2b

6450 Hjelset