Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal

Seksjonen gir eit tverrfagleg spesialisttilbod innan habilitering, til pasientar over 18 år med komplekse og samansette funksjonshemmingar knytt til medfødde eller tidleg erverva nevrologiske og nevropsykiatriske lidingar, gjennomgripande utviklingsforstyrringar og genetisk betinga tilstander.

Våre tenester

  • Diagnostisering og tverrfaglig utgreiing/funksjonskartlegging og behandling etter behov
  • Direkte oppfølging og rettleiing i pasienten sitt nærmiljø
  • Kurs/opplæring til pasient, pårørande eller samarbeidspartnarar i førstelinetenesten
  • Psykoedukative gruppetilbod

Seksjon for vaksenhabilitering skal bistå kommunane ved utforming og gjennomføring av tiltak der ein nytter tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemning etter «Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.» kapittel 9. 

Vaksenhabilitering har eit nært samarbeid med seksjon for barnehabilitering, nevrologisk avdeling og psykiatriske seksjonar i helseforetaket.

Primært er det fastlegen, eventuelt i samarbeid med førstelinetenesten, som tilviser. Det er viktig at tilvisinga inneheld sentral informasjon slik at vi kan gjere ei god vurdering. Medikamentoversikt, epikriser frå tidlegare utgreiingar, tidlegare og noverande sjukehistorie er viktig. Habilitering omfattar ofte både individ- og miljøretta tiltak, og vil involvere mange samarbeidspartar. Før tilvising blir sendt, bør ein drøfte problematikken med aktuelle samarbeidsinstansar lokalt, for eksempel i ansvarsgruppe eller med kommunal koordinator.

For at vi skal kunne hjelpe best mogleg ber vi deg som pasient om løyve til å innhente informasjon frå andre instansar.

Vi har faste inntaksmøte og vurdering skal skje innan 10 arbeidsdagar frå vi har mottatt tilvisinga. Dette blir vurdert individuelt og prioritert ut frå «Prioriteringsveileder – habilitering av voksne i spesialisthelsetjenesten». Som hovudregel får ein time i første brev.

Er det spørsmål om rutinar ved tilvising, arbeidsform eller kva slag tilbod tenesta kan gi , ta gjerne kontakte med oss.

Kontakt

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Spesialisert Habilitering Nordmøre og Romsdal
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Besøksadressen vår er Brunvoll kompetansesenter i Eikremsvingen 2 D, på Årø i Molde (ikke post) 

Busstopp: Det går buss fleire gonger i timen frå Molde sentrum, som stoppar i nærleiken av vårt lokale i Brunvoll kompetansesenter på Årø. Ved retur til sentrum kan du og ta buss rett utanfor vårt lokale. Døme på bussar er buss 701, 714 og 532 til busstopp ved Årø flyplass.

 

Parkering: Parkeringa finn du rett utanfor inngangen vår. Plassane er merka med blå skilt med gjesteparkering, i tillegg har vi to HC-plassar. Det er ingen parkeringsavgift.

Praktisk informasjon

​Det går buss to gonger i timen frå Molde sentrum som stoppar ved sjukehuset. Ved retur til sentrum kan du og ta buss rett utanfor vårt lokale eller frå Molde sjukehus.

​Parkeringa som er nærast seksjonen finn du rett utanfor inngangen. Det er ingen parkeringsavgift, men du må hente eit parkeringsbevis i ekspedisjonen vår i 2. etasje.

​Du får tildelt ein saksansvarleg som har hovudansvaret for vidare oppfølging i habiliteringstenesta.

​For at vi skal kunne hjelpe deg best mogeleg, vil vi be om tillating til å hente inn informasjon frå andre instansar. Vi kan ikkje gjere dette før vi har fått samtykke frå deg eller vergen din.

​Vi har teieplikt, og det er du som bestemmer kven som skal få opplysingar om deg og din sjukdom.

  • ​Barnevernspedagog
  • Ergoterapeut
  • Fysioterapeut
  • Lege
  • Psykolog
  • Spesialpedagog
  • Vernepleiar
  • Sekretær