Tilsette ved dagkirurgisk avdeling i Molde

Dagkirurgi Molde

Vi tar imot og førebur deg som skal til operasjon eller undersøking, overvåkar og tar vare på deg etter operasjonen fram til du er klar til å reise heim. Vi behandlar pasientar innan plastisk kirurgi, urologi, gastrokirurgi, gynekologi, ortopedi, tann/kjeve, øyre/nase/hals, auge og generell kirurgi. Også dei som treng infusjonar, røntgenundersøkingar og andre undersøkingar/behandlingar i narkose, kjem hit.  Operatøren har ansvar for deg som pasient, og snakkar med deg og eventuelt undersøker deg på morgonen før operasjonen. Før du reiser heim informerer operatøren deg om behandlinga du har fått og avtalar vidare oppfølging dersom det er behov for det.

Vi har 10 sjukepleiarar og 3 spesialsjukepleierar. Til saman har vi 10 overvåkingsplassar, fordelt på fleire rom. Vi jobbar tverrfagleg saman med anestesilegar, kirurgar/ortopedar, personale på operasjonsstova, sekretærar og andre personar som er involverte for at du som pasient skal få ei best mogleg behandling.
 
Vi er opptatt av kvalitet på tenestene våre og er heile tida i utvikling. Avdelinga tar del i det landsomfattande pasienttryggleiksarbeidet I trygge hender 24/7 og nyttar blant anna sjekkliste for trygg kirurgi herifrå. Det pågår forskning i avdelinga som skal hjelpe oss og gi grunnlag for ei god og effektiv pasientbehandling.
  
Vi har også sjukepleiestudentar som får viktig opplæring og praksis i samband med studie ved Høgskolen i Molde.

Hos oss blir du møtt med høg fagleg kompetanse, og målet vårt er at du heile vegen skal kjenne deg trygg og ivaretatt når du er til undersøking og behandling hos oss.

Velkomen!

g_6e1dd265_f115_4bf8_9ab8_4228efc9b39b



Kontakt

Telefon

Slik finn du fram

Oppmøtestad


Dagkirurgisk avdeling finn du i 4. etasje, ved sida fødeavdelinga. 

Adresse

Åpningstider
  • I dag 07:30 - 20:00
  • Måndag 07:30 - 20:00
  • Tysdag 07:30 - 20:00
  • Onsdag 07:30 - 20:00
  • Torsdag 07:30 - 20:00
  • Fredag 07:30 - 17:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Molde sjukehus med en plen foran seg

Molde sjukehus

Parkveien 84

6407 Molde