Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dialyse og nyrepoliklinikk SNR Hjelset

Til dialyseavdelinga kjem pasientar med kronisk nyresvikt som har behov for dialysebehandling.

Dialyse- og nyrepoliklinikk SNR: Seksjonen tilbyr hemodialyse og nyrepoliklinikk både på SNR Hjelset og SNR Kristiansund.

Poliklinikk: Pasientar som kjem til poliklinikken, treng utgreiing og behandling av nyresjukdommar utan å vere innlagde. Dei møter anten ein nefrolog (spesialist i nyresjukdommar) eller ein sjukepleiar med spesialkompetanse i nyresjukdommar.

Hemodialyse: Ei hemodialysebehandling varer om lag fire timar. Dei fleste pasientane treng behandlinga tre gonger i veka. Sjukepleiarane har spesialutdanning i nyresjukdommar og lang erfaring. Dei set pasienten i fokus og jobbar tett saman med nefrologen.

Samarbeid: Nyrespesialistane i Helse Møre og Romsdal samarbeider nært og fordeler oppgåver mellom seg. Utgreiing for nyretransplantasjon og oppfølging av pasientar med peritonealdialyse (PD) blir gjort i Ålesund.

Kontakt

Dialysen

  • Måndag 08:00 - 20:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 20:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag 08:00 - 15:00
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

4 etg. Fløy H. (4H) 

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset