
Kirurgiske poliklinikker Hjelset
Vi behandlar pasientar som er tilvist frå fastlege og andre instansar for vurdering og behandling innan fagområda kirurgi, urologi, gastro, gynekologi, ortopedi og plastikk. Vi utfører mindre kirurgiske inngrep, har kontrollar og oppfølging av pasientar. Hos oss er konsultasjonane planlagde. Dersom du ikkje har time og skal på skadepoliklinikk, høyrer dette til i akuttmottaket og du skal dit.
Kontakt
Telefon
-
Måndag - Fredag
- 09:00 - 11:00
- 13:00 - 14:00
- Laurdag - Søndag STENGT
Behov for å endre timen din?
HelsaMi
Behov for å endre timen din? Ring til avdelinga eller send ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd, og seinast 24 timar før avtalt time for å unngå gebyr. Då kan også andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje melder frå innan fristen, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Kirurgisk poliklinikk ligg i 3.etasje, fløy F.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
Opdølvegen 4
6450 Hjelset