Undersøking ved diabetisk fotsårteam

Kirurgisk poliklinikk Hjelset

Vi behandlar pasientar som er tilvist frå fastlege og andre instansar for vurdering og behandling innan fagområda kirurgi, urologi, gastro og plastikk. Vi utfører mindre kirurgiske inngrep, har kontrollar og oppfølging av pasientar.  I tillegg har vi sjukepleiarar innan stomioppfølging, osteoporose, sårbehandling og urologi som har eigne polikliniske konsultasjonar. Alle legar knytt til poliklinikken har faste konsultasjonsdagar.  Hos oss er konsultasjonane planlagde. Dersom du ikkje har time og skal på skadepoliklinikk, høyrer dette til i akuttmottaket og du skal dit.

Tverrfagleg diabetisk fotsårteam

Som den einaste poliklinikken i Helse Møre og Romsdal har vi eit tverrfagleg diabetisk fotsårteam. Her blir pasientar undersøkt, diagnostisert og behanda av eit kompetent team beståande av sjukepleiar, ortoped og ortopediingeniør. Gjennom fagleg utvikling og forsking skal vi tilby kvalitetssikra og god behandling til deg som pasient.   
Diabetisk fotsårteam finn du på kirurgisk og ortopedisk poliklinikk i 1. etasje. 
 

Stomipoliklinikken

Stomipoliklinikken finn du i 4. etasje på avdeling for dagkirurgi. Ved ankomst kan du sette deg utanfor rommet som er skilta med stomipoliklinikk. 

Uroterapi 

Uroterapi finn du på kirurgisk og ortopedisk poliklinikk i 1. etasje.

 

 

I poliklinikkane vil det tidvis vere med sjukepleiarstudentar som får viktig opplæring og praksis i samband med studie ved Høgskolen i Molde. 

g_0ccee390_ec05_49f5_9494_a31da48896d5


 

Kontakt

Telefon

  • Måndag
    • 09:00 - 11:00
    • 13:00 - 15:00
  • Tysdag
    • 09:00 - 11:00
    • 13:00 - 15:00
  • Onsdag
    • 09:00 - 11:00
    • 13:00 - 15:00
  • Torsdag
    • 09:00 - 11:00
    • 13:00 - 15:00
  • Fredag
    • 09:00 - 11:00
    • 13:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Send oss ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd før avtalt time. Då kan andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje møter, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kirurgisk poliklinikk ligg i 3.etasje, fløy F.

 
Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset