Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk sengepost A Molde

Til Medisin A kjem pasientar som først og fremst har lungesjukdommar, mage-tarmsjukdommar og blodsjukdommar.

Frokost: 08.00-09.00
Lunsj: 11.30-12.30
Middag: 15.30-16.30.   
 

For å kommunisere godt med dine pårørande ber vi om at dykk blir einige om ein person som vi kan ha kontakt med. Vi anbefaler at pårørande ringer oss mellom klokka 12:00 og 14:00. Då skal vi vere tilgjengelege og gi best mogeleg informasjon. Pårørande kan også vere med på legevisitten, dersom du synest det er greit.  

Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, som viser kva medisinar du brukar.

Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tek ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.

Dersom du går ut av avdelinga må du på førehånd avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønsker det, og behandlande lege tillet det, kan du får permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.


 

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisin A ligg i 4. etasje øst
Molde sjukehus med en plen foran seg

Molde sjukehus

Parkveien 84

6407 Molde