Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Føde-barsel Volda

Her er informasjon til deg som venter born.  Fødslar før svangerskapsveke 35 og fødslar som krev utvida oppfølging og behandling skjer ved Ålesund sjukehus.

Telefonnummer 70 05 83 61 . Her får du snakke med jordmor som gir råd og rettleiing om teikn til fødselsstart og når du skal komme til sjukehuset. Merk at nummeret er for situasjonar knytt til fødsel og kan ikkje brukast for å søkje råd om normale svangerskapsplagar. Ta kontakt med fastlege/kommunejordmor i slike høve.

Vi legg vekt på at fødselen skal skje så naturleg som mogeleg. Ved innkomst blir det gjort ei individuell vurdering utifrå helse før og under svangerskapet, og med bakgrunn i tidlegare fødslar. Det gir grunnlag for trygg oppfølging gjennom fødselen.

Vanlegvis skjer overflytting til barselrom 2 timar etter fødselen. Så sant det er kapasitet i avdelinga vil det vere høve for partnar å bu saman med mor og barn. 

I føde-barselavdelinga er det også to sengeplassar til gynekologiske pasientar.

Jordmødrer, barnepleiarar og legar arbeider tverrfagleg for å gi eit tilrettelagt tilbod til den enkelte.

Seksjonsleiar: Heide Rinn Grimstad

 

I Møre og Romsdal er det kommunane med reiseveg over 90 minuttar frå kommunesentrum til næraste sjukehus som har beredskap for følgjeteneste for fødande. Dette gjeld kommunane Aukra, Aure, Halsa, Smøla og Surnadal. For meir informasjon kontakt den einskilde kommune. Ved akutt behov ta kontakt med fødeavdelinga eller ring 113.

Ved behov for jordmorhjelp i dei kommunane som ikkje har avtale om beredskap- og følgjeteneste, kan jordmor frå fødeavdelinga ved behov reise i møte med den fødande. Ta kontakt med fødeavdelinga eller ring 113.

I vår informasjon om fødsel og barsel står det mykje om korleis du kan førebu deg til fødsel. Les om fødsel og barsel

Helse Møre og Romsdal har ikkje omvising på fødeavdelingane. 

Alle fødeavdelingane i Møre og Romsdal har tilpassa (differensiert) fødselsomsorg.
Det betyr at fødande får eit tilbod tilpassa sine behov for omsorg og oppfølging ved fødselen.  Vurderinga skjer fortløpande gjennom heile fødselsforløpet.
Praksisen er i tråd med Verdens Helseorganisasjon (WHO) sine 10 prinsipp for omsorg i svangerskapet, under fødselen og den første tida etter fødselen (perinatal omsorg).

Dei ti prinsippa:

  1. Demedikalisering av normale fødslar -  den grunnleggande fødselsomsorga skal gis med berre heilt nødvendige inngrep, og med minst mogleg bruk av teknologi.
  2. Redusere unødig bruk av avansert teknologi -  bruk av avansert og komplisert teknologi bør ikkje nyttast der enklare prosedyrar vil fungere like bra eller betre.
  3. Kunnskapsbasert omsorg - omsorga bør vere basert på best tilgjengeleg kunnskap, helst kunnskap frå randomiserte studiar der det er formålstenleg.
  4. Desentralisert omsorg - omsorga bør vere desentralisert, og organisert etter prinsippet om lågast effektive omsorgsnivå, med utgangspunkt i primærhelsetenesta og med høve om tilvising til spesialisthelsetenesta.
  5. Tverrfagleg omsorg - omsorga bør være tverrfagleg, og involvere helsearbeidarar som m.a. jordmødrer, fødselslegar, barnelegar og sjukepleiarar.
  6. Heilskapleg omsorg - omsorga bør omhandle heile mennesket, med dei intellektuelle, kjenslemessige, sosiale og kulturelle behov som kvinna, barna og familien har, ikkje berre deira fysiske behov.
  7. Familiesentrert omsorg - omsorga bør møte behova ikkje berre for kvinna og barnet, men også for kvinnas partnar og deira familie/ vener.
  8. Kulturtilpassa omsorg - omsorga bør vurderast og tilpassast ut frå kva som passar best i den kulturelle samanhengen den blir gitt.
  9. Medverknad - kvinner bør involverast i avgjersle om behandling og ivaretaking.
  10. Respekt - omsorga bør spegle respekt for kvinnas private sfære og hennar integritet, samt retten til konfidensiell behandling.

Vi er opptatt av å legge til rette for at mor og barn er i lag heile døgnet med minst mogeleg uro. Fordelane med tett kontakt er at du raskare vert kjend med barnet sin døgnrytme. Mykje hud til hud kontakt er særleg viktig for tilknytting til barnet og for ein god start på amminga. I tillegg vil det stimulere dei naturlege funksjonane hos den nyfødde. Vi oppmodar også far/partner til å bruke hud-til-hud metoden.

Vi er godkjend som mor-barn-vennleg sjukehus. Godkjenninga krev at vi følgjer WHO/Unicef sine ti trinn for vellykka amming.

10 trinn for vellykka amming:

  1. Ha ei skriftleg ammeprosedyre som rutinemessig blir gjort kjent for alt helsepersonell ved avdelinga.
  2. Tilby opplæring slik at det er mogleg for personalet å følgje ammeprosedyra.
  3. Bidra til å spre informasjon til gravide om fordelane ved brysternæring og om kva dei kan gjere for å få til amminga.
  4. Sørge for at mor og barn etter ein normal fødsel kan ha uforstyrra hudkontakt i minst ein time, eller til barnet er klar til å suge og den første amminga har funne stad. Gjere mødrene merksame på tidlege tegn på svolt/sugebehov hos barnet.
  5. Vise mødrer korleis dei skal amme og korleis dei kan oppretthalde mjølkeproduksjonen sjølv om dei midlertidig er skild frå sine spedbarn.
  6. Ikkje gi nyfødde barn noko anna form for næring eller drikke enn morsmjølk, unntatt når det er medisinsk grunn til det.
  7. Gi mor og barn anledning til å vere saman 24 timar i døgnet.
  8. Oppmuntre til amming etter behov (sjølvregulering).
  9. Unngå bruk av narresmokk eller flaskesmokk til brystbarn, i alle fall til amminga er godt etablert.
  10. Bidra til at det blir etablert ei heilskapleg arbeidande tiltakskjede mellom svangerskapsomsorga, føde/barselavdelinga og helsestasjonen. Helsetenesta bør informere om Ammehjelpen, og støtte oppstart av ammehjelpgrupper.

Det er ikkje nødvendig å søke fødeplass i Møre og Romsdal. Ein blir registrert etter å ha vore på ultralydscreening i svangerskapsveke 17-20, og når ein har levert inn informasjonsskjema. Skjemaet blir tilsendt i posten saman med innkalling til ultralydundersøkinga.

Fødande som krev utvida behandling vil bli tilvist til oppfølging/behandling ved Ålesund sjukehus. For nokre gravide kan det bli aktuelt med tilvising til St.Olavs Hospital eller anna sjukehus med særskilt fagansvar.

Det er ikkje høve til å filme eller ta bilde inne på sjølve operasjonsstova, men i rommet utanfor er det mogleg å ta bilde av barnet.

NB! Mobiltelefon er ikkje tillat å bruke i operasjonsavdelinga og oppvaknings/intensivavdelinga.

Barseltida

Pasientforløpet er skrive for fagpersonell, men opent for alle. Det inneheld prosedyrar som er forankra i nasjonale rettleiarar og regionalt standardisert pasientforløp. Les meir om standardiserte pasientforløp 

Kontakt

Telefon

Dette nummeret skal du ringe når du trur at fødselen er i gang. Nummeret skal difor ikkje brukast for å søke råd om generelle svangerskapsplager. Ta i tilfelle kontakt med din fastlege eller jordmor på helsestasjonen for dette.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Møt direkte i 3. etasje - på føde/barsel.

Ring oss før oppmøte.

En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart
  1. Hovudinngang
  2. Akuttmottak
  3. Volda DPS
  4. BUP
  • Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
  • Oransje markering: Parkering for HC
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift) 
  • Lilla: Ladestasjon
  • P: Parkeringsautomatar

 

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Volda sjukehus

Fly

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.