Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gynekologisk poliklinikk Volda

Velkommen til gynekologisk poliklinikk i Volda! Ved poliklinikken får tilviste pasientar utgreiing, diagnostisering og behandling av  gynekologiske tilstandar. Ultralydundersøking i svangerskapsveke 18-20 er eit tilbod til alle gravide etter tilvising frå fastlege eller jordmor. For gravide med risikotilstandar kan det vere aktuelt med oppfølging i svangerskapet ved poliklinikken.  Kvinner som ynskjer sjølvbestemt abort kan ta kontakt med poliklinikken utan tilvising.

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 10:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Behov for å endre timen din? Ring til avdelinga eller send ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd, og seinast 24 timar før avtalt time for å unngå gebyr. Då kan også andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje melder frå innan fristen, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken er lokalisert saman med kirurgisk poliklinikk og ligg til venstre for hovedinngangen i 1.etasje.
En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1