Digitalt epilepsikurs for foreldre og foresatte - 6. mai 2026
Vil du lære meir om epilepsi hos barn og unge – og korleis ein best kan møte kvardagen heime, i skule og barnehage? Helse Møre og Romsdal inviterer til digitalt epilepsikurs for foreldre/føresette og fagpersonar. Kurset er gratis og ope for deltakarar frå heile regionen.

Illustrasjon: Colurbox.com
Tid: Onsdag 6. mai 2026, kl 08.30-16.00.
Epilepsi kan påverke både barnet som har diagnosen, familien rundt og dei som møter barnet i kvardagen. Med dette digitale kurset ønsker vi å gi foreldre, føresette og fagpersonar auka kunnskap, tryggleik og meistring i møte med barn og unge med epilepsi.
Kurset er eit samarbeid mellom poliklinikk barn og ungdom ved Ålesund sjukehus, St. Olavs hospital, Lærings- og meistringssenteret og Epilepsiforbundet.
Kva får du igjen for å delta?
Kurset gir ei brei innføring i epilepsi og tek opp både medisinske, psykososiale og pedagogiske perspektiv. Målet er å skape betre forståing og styrkt meistring – både i foreldrerolla og i rolla som fagperson.
Vi oppmodar begge foreldre/føresette til å delta dersom det er mogleg.
Innhald i kurset
Tema for kurset er mellom anna:
- Kva er epilepsi og handtering av anfall
- Tankar rundt sjukdom i familien
- Meistring
- Pedagogiske konsekvensar i skule og barnehage
- Brukarhistorie
- Rettigheiter
- Presentasjon av Epilepsiforbundet
- Hjelpemiddel og tilrettelegging
Med atterhald om endringar i programmet.
Lenke til program
Kurset er digitalt med faglege innlegg, men det blir også sett av tid til spørsmål og erfaringsutveksling.
Tverrfaglege føredragshaldarar
Føredragshaldarane har tverrfagleg bakgrunn og omfattar mellom anna spesialsjukepleiar, lege, sosionom, spesialpedagog frå Spesialsykehuset for epilepsi (SSE) og erfaren brukarrepresentant frå Epilepsiforbundet.
Praktisk informasjon og påmelding
Kurset er digitalt. Det er viktig å oppgi e-postadresse ved påmelding for å få tilsendt lenke til kurset.
Det er ingen eigenandel. Yrkesaktive foreldre/føresette kan søke om opplæringspengar.
Påmelding:
Foreldre/føresette:
Ring ekspedisjon Poliklinikk barn og ungdom, Ålesund sjukehus Telefonnr. 70 16 75 50
Fagpersonar:
Meld deg på ved å kontakte Nina Sivertsen Brandal: nina.sivertsen.brandal@stolav.no (Ikkje oppgi personsensitiv informasjon.)
I vår kursoversikt finn du meir informasjon om dette og andre kurs og opplæringstilbod:
Kurs og opplæring for pasient og pårørende - Helse Møre og Romsdal