Få råd og rettleiing gjennom nettkurs om handartrose
I samarbeid med Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal har spesialergoterapeutar utarbeidd nettkurs for personar med handartrose. Målet er å gi kunnskap som kan bidra til å redusere smerter og betre funksjonen i hendene og auke meistring i dagleg aktivitet.

Illustrasjon: Colourbox.com
Artrose blir ofte kalla slitasjegikt og rammar anslagsvis 50 prosent av alle kvinner og 25 prosent av alle menn. Når brusken blir broten ned og det dannar seg beinpåleiringar, kan det føre til redusert rørsle, redusert gripestyrke, smerter og redusert funksjon i dagleg aktivitet.
Spesialergoterapeutane Anne Guri Pilskog-Lande og Lillian Moldskred forklarar i nettkurset kva handartrose er, kvifor det er viktig å trene hendene, og korleis ein kan gjere dette i praksis. Dei gir også råd om rimelege hjelpemiddel, informasjon om støtteordningar ved kjøp av produkt, rettleiing om når det kan vere aktuelt å bruke støtteskinne og korleis ein kan tilrettelegge aktivitet ein opplever som utfordrande.
Ein av fordelane med det nettbaserte tilbodet er at pasientane kan få tilgang til kurset allereie når dei er hos fastlegen. Dette gir rask tilgang til kunnskap og tiltak tidleg i sjukdomsforløpet, utan ventetid, og kan bidra til at pasientane raskare kjem i gang med eigenmeistring og formålstenlege tiltak.
Les meir om handartrose og sjå nettkursa her.