Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kurs om stoffskiftesjukdom ved alle sjukehusa i Møre og Romsdal - samstundes!

Før sommaren arrangerte medisinsk avdeling ved Molde sjukehus og Stoffskifteforbundet i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret første kurs i sitt slag for personar med stoffskiftesjukdom. Eit såkalla hybridkurs der kurset vart halde fysisk ved sjukehuset i Molde med digital overføring og fysisk oppmøte også ved dei tre andre sjukehusa i fylket samstundes. «Ein milepæl i pasient- og pårørandeopplæring!» skildrar samhandlingssjef Eli Otterlei i Helse Møre og Romsdal denne type opplæringstilbod.

Publisert 10.08.2022
Sist oppdatert 24.08.2022
Førelesarar og deltakar ved Molde sjukehus
Endokrinolog Thor Haug, deltakar Berit Midthaug, farmasøyt Ingvild Strøm-Eliassen og sjukepleiar/kursleiar Bente Røsand i Molde

Deltakarar møtte opp ved sitt nærsjukehus enten i Molde, Kristiansund, Ålesund og Volda. Der hadde rådgivarar ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) ved kvar stad ansvar for erfaringsutveksling og det tekniske. Medisinsk avdeling i Molde stod for det faglege innhaldet, der ulike yrkesgrupper inkludert brukarrepresentant frå Stoffskifteforbundet heldt innlegg og diskusjonar, overført til dei andre samlingspunkta på sjukehusa.

Nøgde deltakarar

Deltakarane og dei involverte var godt nøgde etter gjennomføringa av stoffskiftekurset. I følgje sjukepleiar og kursleiar Bente Røsand ved medisinsk avdeling kom det mange positive tilbakemeldingar på måten kurset var lagt opp på og fordelane ved det å møtast fysisk, utan av ein måtte reise så langt. I følgje brukarrepresentant Tor Rune Halset, vil denne hybride kursløysinga gjere at tilbodet om kurs når fleire personar og ressursar vert brukt betre, slik at det igjen kan gi moglegheit for fleire lærings- og meistringskurs framover.

Det er sjølvsagt små forbetringar å hente når det gjeld mellom anna lydkvalitet, men dette arbeidast vidare med i følgje fungerande teamkoordinator Astrid Ljøkjell Solem ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Møre og Romsdal. Det vert spennande å sjå nærmare på dei skriftlege evalueringane av denne måten å drive opplæringsarbeid på for å utvikle tilboda til det beste for innbyggarar, pasientar og pårørande.


Framtidsretta tilbod

Det at alle sjukehusa kan halde same kurstilbodet samstundes, er ei framtidsretta løysing som gjer at ein kan nå ut til mange fleire med opplæring og meistringstilbod, seier Astrid Ljøkjell Solem ved LMS. Ein kan nå ut med kunnskap og opplæring til fleire i fylket på same tid, og såleis sikre tilgang på kompetanse på stadar ein kanskje ikkje har dette tilgjengeleg. Dette gjeld i aller høgaste grad også ute i kommunane som til dømes gjennom overføring og samarbeid med frisklivssentralar.

Dette kan du lese meir om i nyheitssaka om hybridkurs med digital overføring til frisklivssentral frå 2021

Hybride kurstilbod kan seiast å vere ei vidareutvikling av digitale tilbod, der ein både får nytta seg av fordelane med digital undervisning samstundes som ein ivaretek viktigheita av å kunne møtast ansikt til ansikt, skape tilhøyrsle og utveksle uformelle erfaringar, som ein ofte gjer i til dømes pausar.

Hybridkurs har vore forsøkt tidlegare siste året der ein har hatt digital overføring til nokre frisklivssentralar i fylket, med gode tilbakemeldingar. Det er likevel nytt at ein har kunne ha same kurset ved alle sjukehusa samstundes. På sikt vil både digitale løysingar og hybride løysingar kunne spare ressursar i eit allereie pressa helsevesen og bidra til auka kunnskap og meistring av sjukdom blant innbyggarane i fylket vårt.  

Det vil vere behov for å ivareta dei «tradisjonelle» fysiske opplæringsformene. Men hybridløysingane vert vidareutvikla då ein ser store fordelar og fleksibilitet med slike kurstilbod, der sjukehusmiljøa i fylket vert kopla saman ved hjelp av teknologi. Hybride kurstilbod er noko vi har stor tru på, og som skal vidareutviklast og aukast i tida som kjem, seier Ljøkjell Solem ved LMS. Vi forsøker å sjå kva som kan vere dei beste løysingane, basert både på tilgjengelege ressursar, oppdatert forsking, ønska frå involvert helsepersonell, brukarorganisasjonar og ikkje minst deltakarane sjølve.

Kontakt oss

Kontakt gjerne ein av rådgivarane ved Lærings- og meistringssenteret ved spørsmål


Helse Møre og Romsdal har mange ulike kurs og opplæringstilbod for pasientar og pårørande. Klikk på boksa under for å lese meir og søk etter aktuelt tilbod for deg eller ein av dine næraste der.​

Kurs og gruppetilbod for pasientar og pårørande

Her finn du ei oversikt over opplæringstilbod knytt til læring og meistring i Helse Møre og Romsdal. Du kan søke og filtrere for å finne aktuelt tilbod for deg.
Sjå oversikt over kurs og opplæringstibod
Hybridkurs Rauma/Molde