Kurstilbod for deg med stoffskiftesjukdom

Vel møtt til kurs for deg med lågt eller høgt stoffskifte 5. og 13. juni 2023. Pårørande er også oppfordra til å delta. Kurset går over to dagar og du kan delta ulike stadar i fylket.

Publisert 04.05.2023
Illustrasjon
Illustrasjon: Colorbox

Meir om kurstilbodet

Kurset finn stad 5. og 13. juni og er arrangert av Medisinsk avdeling ved Molde sjukehus i samarbeid med Stoffskifteforbundet og Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal.

Kurset er eit såkalla hybridkurs der kurset vert halde fysisk ved sjukehuset i Molde med digital overføring og fysisk oppmøte også ved sjukehuset i Ålesund, Volda eller Friskliv og mestring i Kristiansund. 

Du vil mellom anna få lære meir om hypo- og hypertyreose, behandling, kosthald, legemiddel og rettar. I tillegg innlegg frå brukarrepresentant, informasjon frå Stoffskifteforbundet og god tid til erfaringsutveksling og spørsmål. 

Tilvising og oppmøte

Ynskjer du å delta må du få tilvising frå fastlege/behandlar som skal sendast elektronisk til medisinsk poliklinikk ved Molde sjukehus. Skriv på henvisninga om pårørande ønsker å delta saman med deg eller om det er andre omsyn. Påmeldingsfristen er 18. mai. 
 
Dersom du ikkje gir anna beskjed, forventar vi at du møter på kursstaden nærast deg:
Kristiansund: Storhaugen Helsehus (Friskliv og mestring)
Molde sjukehus: Festsalen
Ålesund sjukehus: Auditoriet
Volda: Kløvertun​ (Lærings- og meistringssenteret)


​Ta med eigen matpakke, det er også moglegheit for kjøpe lunsj i kantine/kiosk. Det vert servert kaffi/te. 

Les meir om kurstilbodet her

Les meir om tidlegare stoffskiftekurs i denne nyhendesaka

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
LMS+ROPP for web 2022.jpg