Lunsjwebinar om digitale gruppetilbod

Torsdag 3. november kl. 1100 - 1145 er alle som har interesse av læring, meistring og helsekompetanse for brukarar, pasientar og pårørande velkomne til å delta på webinar med temaet "Kunskap om digitale gruppetilbod - kva seier forskinga?"

Publisert 27.10.2022
Sist oppdatert 16.01.2023
illustrasjonsbilete webinar

​​På webinaret 3. november presenterer seniorforskar André Vågan ved Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH) foreløpige resultat av ei kunnskapsoppsummering knytt til forsking om digitale gruppetilbod. 

Kva sier forskinga om deltaking og fråfall blant deltakarane? Kva effekt og utbytte er det for deltakarane? Og kva er viktige forutsetningar? 

Det vert også moglegheit for å stille skriftlege spørsmål undervegs i chat. Webinaret er gratis og opent for alle.

​Meld deg på og få lenke til webinaret 03.11.22 her


Ver merksam på at e-post med stadfesting og deltakarlenke kan havne i søppelpost. 


Webinara er basert på eit samarbeid mellom dei fire helseregionane (Helse Vest, Helse Nord, Helse Sør-Øst og Helse Midt) og Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH).​

Samla oversikt over webinar om læring- og meistring

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
LMS+ROPP for web 2022.jpg