Månadens brukarorganisasjon
Lærings- og meistringssenteret starta i juni opp eit prosjekt i samarbeid med Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) der vi ønskjer å synleggjere brukarorganisasjonane til nytte for pasientar og helsepersonell. Kvar månad framover vil vi framheve ein ny brukarorganisasjon ved alle fire sjukehusa i fylket vårt.
Kvifor startar vi med månadens brukarorganisasjon?
Helse Møre og Romsdal (HMR) ønskjer å synleggjere det viktige arbeidet pasient- og brukarorganisasjonane gjer, både for pasientar, besøkande og tilsette. Lærings og meistringssenteret vil i samarbeid med Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) framover kvar månad framheve ein brukarorganisasjon ved alle sjukehusa i fylket vårt.
Synleggjering av brukarorganisasjon på sjukehus har mange fordelar. For pasientane gir det tilgang til støtte, rådgiving, og eit fellesskap, og dessutan påliteleg informasjon om sjukdom og meistringsstrategiar. Det kan gi pasientane informasjon om rettigheiter og ressursar.
For helsepersonell betyr det at ein kan vise pasientar til ekstra støtte, noko som kan gi betre pasientomsorg og meir heilhetlig tilnærming til behandling. Det gir også innsikt i pasientane sitt perspektiv og behov.
For brukarorganisasjonen aukar sannsynleggheita på sjukehus forståinga for organisasjonen og kan føre til fleire medlem og frivillige. Det opnar også for betre samarbeid med helsepersonell og gir auka truverdigheit.
For sjukehuset kan dette føret til forbetra pasienttilfredsheit, redusert belastning på helsetenestene,og eit positivt omdømme som ein pasientsentrert og omsorgsfullt stad. Samla sett bidreg det til ei meir heilhetlig og pasientfokusert helseteneste.
Markering
Den valde brukarorganisasjonen får marknadsføre seg i ein månad før det rullerer til neste brukarorganisasjon. Førebels skjer markeringa med stand i vestibylen ved Molde sjukehus. I tillegg vil det vere power point-presentasjon av den utvalde brukarorganisasjon på informasjonsskjermane våre, som er plasserte rundt omkring på sjukehusa våre i heile fylket. Prosjektet har som ambisjon og mål å kunne tilby stands ved alle fire sjukehusa etterkvart.Vi håpar at månadens brukarorganisasjon kan bidra positivt til å vidareføre godt samarbeid med brukarorganisasjonane i fylket vårt.
Det har blitt oppretta eiga side om prosjektet under samarbeid, og du kan også gå inn på Månadens brukarorganisasjon her. På denne sida vil det bli lagt ut oversikt over kven som er månadens brukarorganisasjon framover, powerpoint presentasjonar og korleis du går fram om du ønsker å vere månadens brukarorganisasjon.