Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal
Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si
Arbeider du med å legge til rette for læring, meistring og auka helsekompetanse? Ønsker du å lære om helsepedagogikk, digitale metoder og verktøy? Meld deg på eit av dei digitale kursa i helsepedagogikk for året 2024.
Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK-LMH) arrangerer 5-dagers digitalt kurs i helsepedagogikk våren og hausten 2024. Det er no opna for påmelding.
Dette er ei fin moglegheit til å auke kompetansen din på fleire ulike felt.
Les meir om kurset på nettsidene til NK-LMH
Kurset er for fagpersonar og brukerrepresentantar i kommuner og sjukehus som skal i gang med, driv eller er involvert i lærings- og meistringstilbod eller opplæring av fagpersonar og brukerrepresentantar.
Kurset har vore gjennomført to gongar tidlegare med gode evalueringar. Sitat frå tidlegare kursdeltakar (NK-LMH):
«Det digitale kurset i helsepedagogikk er svært godt organisert og enkelt å følge som kursdeltaker. Kursholdere og forelesere er kunnskapsrike og engasjerte, samarbeider godt og bruker mange ulike pedagogiske metoder og verktøy. Brukermedvirkning er inkludert i alle deler av kurset og erfaringsutveksling med gruppearbeid mellom kursdeltakerne gjør det digitale kurset «levende» og veldig lærerikt. Relevant litteratur og forskning er anbefalt og tilgjengelig, men har ikke hovedfokus. Dette er det beste kurset jeg har deltatt på på lenge og anbefaler det på det sterkeste!»
For å delta må du sende ein e-post til anita@mestring.no med ei kort begrunning for kvifor du ønsker å delta innan 15. januar 2024 for kurset til våren og 15. august 2024 for kurset til hausten.
Det vil også komme moglegheit for å delta på eit kortare (fysisk) kurs i helsepedagogikk i Helse Møre og Romsdal.
For meir informasjon om helsepedagogisk opplæring, pasient- og pårørandeopplæring eller læring og meistring, ta kontakt med rådgivarane ved Lærings- og meistringssenteret.
Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si