Fagkurs

Introduksjonskurs i helsepedagogikk

Introduksjonskurs for deg som driv med pasient- og pårørendeopplæring og/eller lærings- og meistringsaktivitet i gruppe. Kurset går over tre dagar.

2.
oktober
2024
3 dagar
  1. 02. okt. 2024
  2. 03. okt. 2024
  3. 30. okt. 2024

Tid og stad

Når

  1. 02. okt. 2024
  2. 03. okt. 2024
  3. 30. okt. 2024

Type arrangement

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell

Spesialitet

Veiledning

Arrangør

Samarbeid mellom Kristiansund kommune, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Kvar

Kristiansund, nærmare oppmøtestad kjem.

Påmelding til camilla.kleppe.eidsa@helse-mr.no

Frist for påmelding: 18. sep. 2024

MÅLGRUPPE

Tilsette i kommune- og spesialisthelsetjeneste som arbeider med pasient- og pårørandeopplæring og/eller lærings- og mestringsaktivitet i gruppe, samt brukarrepresentantar og andre i frivillig sektor.

Dialog og helsepedagogikk

Frå tidlegare kurs i helsepedagogikk i Ålesund

MÅLSETTING

Introduksjonskurs i helsepedagogikk skal kunne sette tilsette og brukarrepresentantar i stand til å gjennomføre og utvikle opplæringstiltak for pasientar og pårørande, i hovedsak gruppebaserte tilbod. Dette for å fremme læring om helse og sjudom, styrke meistring og gode livsval når sjukdom eller skade oppstår.

Tema på kurset:

  • Helsepedagogikk, undervisning og helsekompetanse
  • Standard metode i organisering av kurs og gruppetilbod
  • Gruppeleiing med øvingar
  • Brukarmedverknad
  • Mestringsteori
  • Korleis naile digital formidling og kommunikasjon
  • Samhandling og nytt innan forsking
  • Presentasjon av individuell- /gruppeoppgåve

PRAKTISK INFORMASJON

Kurset går over tre dagar, med teori, praktiske øvingar og inkluderer ei heimeoppgåve. Meir informasjon og program vert tilsendt i forkant av kurs. 

Det vil variere kva stad kurset vert holdt frå kurs til kurs. Noko av kurset føregår digitalt i plattformen Join.
Les meir om digitale kurs i Join her

Kurset er gratis. Du vil få servert lunsj, kaffe og te ved fysiske kursdagar. 

Kurset er søkt inn for godkjenning til ulike helsefaglege vidareutdanningar.

Påmelding via Læringsportalen. Legg inn e-post adresse dersom du ikkje arbeider i helseføretaket eller gi beskjed om særskilde hensyn ved påmelding: https://kurs.helse-midt.no/Sider/Kurs-i-helsepedagogikk.aspx

NYTTIGE NETTSIDER

Lenke til informasjon om nasjonalt, digitalt kurs i helsepedagogikk våren 2024 og hausten 2024 ved NK-LMH

Praktisk kurs i formidling ved Helse Møre og Romsdal

Kontakt

Helsepedagogikk

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Møre og Romsdal tilbyr opplæring i helsepedagogikk og bruk av pedagogiske verktøy. Det arrangerast helsepedagogisk kurs ein gong i året, i samarbeid med brukarrepresentantar og kommuner. I tillegg til praktisk kurs i formidling og brukarhistoriekurs. LMS tilbyr også helsepedagogisk rettleiing på førespurnad.
Les meir om helsepedagogikk på mestring.no
Frå helseped.kurs

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
LMS+ROPP for web 2022.jpg