Nytt kurstilbod for vaksne med autisme i Helse Møre og Romsdal
Vaksne med autismespekterforstyrring får no eit nytt digitalt kurstilbod i Helse Møre og Romsdal. Kurset skal gi deltakarane meir kunnskap om eigen diagnose, betre forståing av korleis autisme påverkar kvardagen og konkrete verktøy for meistring. Tilbodet er ope for vaksne over 18 år som har fått diagnosen autismespekterforstyrring og har tilvising til psykisk helsevern.

Illustrasjon: Colourbox.com
Kurset er utvikla i samarbeid mellom DPS-poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og blir gjennomført digitalt over to dagar.
Auka kunnskap og betre meistring
Mange vaksne som får diagnosen autisme, eller som har levd med diagnosen over tid, ønskjer meir kunnskap om kva autisme inneber og korleis eigne styrkar og utfordringar kan forståast betre. Målet med kurset er å gi deltakarane større innsikt i eigen situasjon og bidra til auka meistring og livskvalitet.
På kurset får deltakarane mellom anna lære meir om:
- kva autisme er
- vanlege tilleggstilstandar ved autisme
- stress og stresshandtering
- rettar og moglegheiter for tilrettelegging i arbeidslivet
- erfaringar frå ein person som sjølv lever med autisme
Det blir også lagt til rette for spørsmål og dialog undervegs i undervisninga.
Oppmoding til fastlegar
For å kunne delta må pasienten ha tilvising. Helse Møre og Romsdal oppmodar fastlegar og andre tilvisarar til å informere aktuelle pasientar om det nye tilbodet og vurdere tilvising for personar som kan ha nytte av auka kunnskap og støtte i å handtere kvardagen med autisme.
Kurset passar for vaksne med autismespekterforstyrring som ønskjer meir innsikt i diagnosen og praktiske råd knytte til arbeid, helse og meistring av kvardagslivet.
Praktisk informasjon
- Det første kurset blir arrangert digitalt 16. og 17. november 2026.
- Etter tilvising får ein tilsendt invitasjon med informasjon om påmelding og praktiske opplysningar. Merk at ein sjølv må melde seg på innan fristen.
- Påmeldingsfristen er 2. november 2026.
- Det er også mogleg å ta med pårørande eller annan støtteperson etter nærare avtale.
- Kurset følgjer vanlege reglar for eigenandel i spesialisthelsetenesta. For pasientar under 26 år innan psykisk helsevern for vaksne er tilbodet gratis.