Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pasientkurs

Autisme voksne - Digitalt

Kurs for deg over 18 år som har autismespekterforstyrring.

16.
november
2026
2 dagar
  1. 16. nov. 2026, 11:30 - 15:15
  2. 17. nov. 2026, 11:30 - 15:15

Tid og stad

Når
  1. 16. nov. 2026, 11:30 - 15:15
  2. 17. nov. 2026, 11:30 - 15:15
Arrangør
Påmelding

Frist for påmelding: 02. nov. 2026

For å delta på kurset må du ha tilvising 

  • Dersom du ikkje er i behandling ved eit Distriktspsykiatrisk senter (DPS) i Helse Møre og Romsdal, må du kontakte fastlegen din og be om tilvising. 
  • Dersom du er i behandling ved eit distriktspsykiatrisk senter (DPS) i Helse Møre og Romsdal, treng du ikkje tilvising frå fastlegen. Då kan du ta kontakt med DPS-et ditt direkte. 

Fastlegen sender tilvisinga elektronisk til Psykisk helsevern for vaksne Nordmøre og Romsdal. 

Kurs om autisme for vaksne

Dette kurset er for deg som har autismespekterforstyrring (autisme) og ønskjer meir kunnskap om diagnosen og korleis autisme kan påverke kvardagen din.

Målet med kurset er å gi deg betre forståing av autisme, styrkje meistringa di og bidra til auka livskvalitet.

Innhald

På kurset lærer du om:

  • kva autisme er
  • vanlege tilleggstilstandar ved autisme
  • kva stress er, og korleis du kan handtere stress
  • rettar og moglegheiter for tilrettelegging i arbeidslivet
  • erfaringar frå ein person som sjølv lever med autisme

Du kan stille spørsmål undervegs i kurset.

Du får detaljert program sendt saman med innkallinga.

Praktisk informasjon

Du vil få eit brev med invitasjon til kurset. I brevet finn du informasjon om korleis du melder deg på og andre praktiske opplysningar om kurset.

Kurset er retta mot deg som har autisme. Dersom du ønskjer å ta med ein pårørande eller annan støtteperson, er det mogleg. Vi ber om at du gir beskjed om dette når du melder deg på.

Eigenandel, rettar og opplæringspengar

Du har rett til fri frå arbeid for å delta på pasientopplæring.

Du betaler eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon.

Innan psykisk helsevern for vaksne er kurset gratis til og med det året du fyller 26 år.

Eigenandelen tel med i frikortgrunnlaget. Har du frikort, betaler du ikkje eigenandel.

Faktura blir sendt etter kurset.

Du finn meir informasjon om eigenandel og andre rettar her:

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar

 

Nyttige sider: 


Autismeforeningen i Norge

Møre og Romsdal – Autismeforeningen i Norge

Autisme - Helsenorge

Kontakt

Relevante behandlingar